Voss herad

Voss herad søkjer organisasjonssjef

Organisasjonssjef

Voss herad søkjer etter Organisasjonssjef – strategisk leiar for økonomi, HR, digitalisering og verksemdsstøtte i Voss herad

Me er ein attraktiv kommune med høge ambisjonar, sterke fagmiljø og eit lokalsamfunn med mykje aktivitet heile året. Her finn du noko av det beste Vestlandet har å by på, både for deg som søkjer faglege utfordringar og for deg som ønskjer ein aktiv livsstil. No ser me etter ein leiar som vil vera med og setja retning for framtida.

Voss herad er inne i ein omfattande utviklings- og omstillingsprosess. Målet er å sikra berekraftige tenester, styrka gjennomføringsevna og utvikla ein meir samla organisasjon med tydeleg leiing, betre samhandling og effektiv bruk av ressursar. Som ein del av etablering av ny leiarstruktur i Voss herad etablerer me ei stabsavdeling med ansvar for sentrale støtte- og styringsfunksjonar. Me søkjer no ein strategisk og utviklingsorientert leiar som vil få ei nøkkelrolle i vidareutviklinga av heile organisasjonen.

Om stillinga 
Som leiar for stab og verksemdsstøtte får du ansvar for leiarar med sentrale funksjonar innan mellom anna:

  • HR og organisasjonsutvikling
  • Økonomi og verksemdsstyring
  • IKT drift
  • Digitalisering
  • Innbyggjarservice med dokumentsenter/arkiv, politisk sekretariat og personvern
  • Kommunikasjon

Du blir ein del av rådmannen si leiargruppe på fem, og får eit overordna ansvar for å utvikla gode styringssystem, styrka organisasjonen si endringskraft og sikra at støttefunksjonane bidreg til best mogleg tenesteutvikling.

Ansvarsområde

  • Leia og utvikla den samla stabsavdelinga
  • Vera ein strategisk rådgjevar for rådmann og leiargruppe
  • Styrka organisasjonen sitt arbeid med økonomistyring, personalpolitikk og verksemdsutvikling
  • Driva fram digitalisering, innovasjon og forbetringsarbeid
  • Leggja til rette for god samhandling på tvers av tenesteområda
  • Bidra til god dialog mellom administrasjon, politisk nivå, medarbeidarar og tillitsvalde
  • Byggja ein sterk organisasjonskultur med fokus på ansvar, samarbeid og resultat
  • Ha ei nøkkelrolle i å leggja til rette for effektiv samhandling i toppleiargruppa gjennom koordinering av møteverksemd, årshjul, prioriteringar og oppfølging.

Kvalifikasjonar

Me søkjer deg som har:

  • Relevant høgare utdanning på masternivå
  • Erfaring frå leiing av komplekse organisasjonar
  • Erfaring med økonomistyring, organisasjonsutvikling eller strategisk leiing
  • God forståing for offentleg forvaltning og politiske prosessar
  • Dokumenterte resultat frå endrings- og utviklingsarbeid

Personlege eigenskapar

Me ser etter ein leiar som:

  • Har sterk gjennomføringsevne
  • Evnar å tenkja heilskapleg og strategisk
  • Skaper tillit og gode relasjonar
  • Kommuniserer tydeleg og involverande
  • Er robust og trygg i krevjande omstillingsprosessar
  • Byggjer samarbeid og lagkjensle på tvers av fagområde, tillitsvalde og verneområdet.

Me tilbyr

  • Ei sentral toppleiarstilling med stor påverknadskraft
  • Moglegheit til å forma framtidas Voss herad
  • Spanande og samfunnsviktige utfordringar
  • Eit kompetent leiarfellesskap med høge ambisjonar
  • Konkurransedyktige vilkår

Om dette høyrest interessant ut, ta kontakt med rådmann Martin William Kulild på tlf 46414800
Arbeidsstad: Voss
Rapporterer til: Rådmann

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. 

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Del på:

Referansenummer:

198545728

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

17.08.2026

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Voss herad

Kontaktpersonar:

Martin W.Kulild

Stilling: rådmann

tlf: +47 46414800

E-post: martin.w.kulild@voss.herad.no

Adresse:

Voss herad 5700 Voss herad

Kart: