Er du barnehagelærar?
Fast stilling som barnehagelærar
Evanger barnehage søkjer engasjert barnehagelærar med god fagleg kompetanse og eit stort hjarte for born. Me ser etter deg som ynskjer å bidra til at borna får rike og varierte opplevingar og erfaringar, utfordringar og meistringsopplevingar gjennom leik og aktivitetar kvar dag i barnehagen. Me legg stor vekt på at leiken skal ha ein sentral plass og bli prioritert i barnehagekvardagen vår. Satsingsområdet i dei neste åra er «Alle barn skal bli lest for i vossabarnehagane kvar dag.»
Me har ledig:
- 100 % fast barnehagelærar
Tidsrom:
- Frå 1.august 2026
Me tilbyr:
- Rekrutteringstillegg kr 20 000 for barnehagelærar i 100% faste stilling ved fyrstegongs tilsetting i Voss herad.
- Årskort på ski ved Voss Resort, Myrkdalen eller Voss ski- og tursenter, eller eventuelt årskort i Vossabadet ved fyrstegongs tilsetjing i Voss herad
- Gode vilkår for fagleg utvikling
- Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- Ein kultur der me delar kunnskap og erfaring med kvarandre
- Gode kollegaer og eit positivt arbeidsmiljø
- Eit utviklingsorientert arbeidsmiljø, både personleg og fagleg
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Løn etter kommunalt avtaleverk
Arbeidsoppgåver:
- Planlegging, gjennomføring, dokumentasjon, vurdering og utvikling av det pedagogiske arbeidet
- Utvikla og ivareta eit godt samarbeid med born og føresette
- Vera bindeledd mellom barnehage og heim og andre faginstansar
- Sørgja for eit trygt og inkluderande barnehagemiljø
- Være ein aktiv deltakar og bidragsytar i barnehagen sitt læringsmiljø
Kvalifikasjonar:
- Du som skal tilsetjast må ha utdanning som barnehagelærar eller anna treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk
- Andre søkjarar kan bli vurdert
Den som blir tilsett må leggja fram godkjent politiattest
Me ynskjer deg som
- Er målretta og fleksibel, som forstår barn sine behov og har evne til å byggja relasjonar
- er blid, omgjengeleg og ein god lagspelar
- Er varm og grensesetjande
- er utadvent med evne til å kommunisera godt både skriftleg og munnleg
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partnar som gjer det same, finn du mange og spanande stillingar i Voss herad her. Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)
Informasjon om barnehagen:
Evanger barnehage er ein 1-avdelingsbarnehage på Evanger, ca. 20 minuttar frå Voss sentrum. Det er i frå i haust 15 barn i barnehagen i alderen 1 -5 år.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.
Del på:
Referansenummer:
943450608
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
21.06.2026
Tiltreding:
01.08.2026
Arbeidsstad:
Voss herad
Kontaktpersonar:
Heimeside:
https://voss.herad.no/Adresse:
Harabåsen 34 5707 Evanger