Ledig vikariat som helsesjukepleiar ved Voss helsestasjon og skulehelseteneste
Helsesjukepleiar
Voss helsestasjon- og skulehelseteneste har ledig 100% vikariat helsesjukepleiarstilling frå august-26 - august-27, dato for oppstart etter nærare avtale. Ta kontakt for meir informasjon.
Om arbeidsstaden:
Helsestasjon og skulehelsetenesta er organisert under kommunalavdeling Oppvekst i Barne- og familietenesta, som i tillegg består av PPT, barneverntenesta, kommunepsykologane og integreringstenesta. Tenestene er samlokaliserte i Knutepunktet, sentralt i Voss sentrum. Andre aktuelle samarbeidspartar i bygget er BUP, legekontor, psykisk helse & rus, og NAV.
I tenesta vår jobbar merkantil, fysioterapeut, jordmødre, helsesjukepleiarar og legar. Me har helsetenester til gravide, helsetenester til flyktningar, helsestasjon 0-5 år og helsestasjon for ungdom i våre lokale på Knutepunktet. I tillegg har me skulehelseteneste tilstades ute til barne-og ungdomsskulane, og til dei to fylkeskommunale vidaregåande skulane på Voss.
Me tilbyr:
- Ein spanande og variert jobb
- Gode vilkår for fagleg utvikling
- Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- Yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Gode pensjonsordningar
- Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Kvalifikasjonar:
- Helsesjukepleiar med godkjend helsesjukepleiarutdanning
- Erfaring frå praksis er ynskjeleg
- Førarkort for bil, klasse B.
- Gode norskkunnskap skriftleg og munnleg
Arbeidsoppgåver kan vera:
- Helsestasjon (0-5år)
- Skulehelseteneste (6-19 år)
- Helsestasjon for Ungdom (13-23 år)
- Migrasjonshelse
- Helsefremjande og førebyggjande arbeidsoppgåver i tråd med nasjonale retningslinjer for helsestasjon og skulehelsetenesta
- Tverrfagleg samarbeid internt og med andre tenester er ein viktig del av arbeidet.
- Utvikling av tenesta etter nasjonale faglege retningsliner for helsestasjon og skulehelseteneste.
Personlege eigenskapar:
- Du er fagleg engasjert og trives med å arbeida med born, unge og deira føresette
- Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig vil bli vektlagt
Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.
Del på:
Referansenummer:
234275273
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
18.06.2026
Tiltreding:
17.08.2026
Arbeidsstad:
Voss helsestasjon og skulehelseteneste
Kontaktpersonar:
Heimeside:
https://voss.herad.no/Adresse:
Gurid Allmenningensplass 1 5700 Voss