Voss herad

Voss herad søkjer fastlege

Fastlege 100 %

Me søkjer etter fastlege i 100 % stilling ved Voss legekontor. Ved fleire søkjarar og redusert stilling kan deleliste vera aktuelt. 

Om arbeidsstaden:

Voss legekontor har nye og topp moderne lokale i Knutepunktet like ved togstasjonen på Vossevangen. Det er kort avstand til samarbeidsinnstanser som NAV, PPT og Helsestasjon då dei er lokalisert i same bygg. Det er også kort veg til legevakta. Pr dags dato er det  9 fastlegeheimlar, 2 LIS1 legar, 6 sjukepleiarar, 1 helsesekretær og 1 sekretær ved legekontoret.

 I løpet av 2026-2027 skal ein tilbakeføre 2-4 legeheimlar til næringsdrivande fastlegar.

Fastlegane deltek i rotasjon på daglegevakt, som for tida er stasjonert i akuttmottak ved Voss sjukehus.
Voss er vertskommune for eit interkommunalt samarbeid om legevakt i distriktet (Voss IKL). Legevakta er velfungerande og held for tida til i same lokale som akuttmottaket på Voss Sjukehus. Dette gjev eit godt fagmiljø med kompetente legar og sjukepleiarar. Vaktbelastning er per i dag ca. 2-4 vakter i månaden.

Voss legekontor og Voss interkommunale legevakt byter til Webmed som er eit sky basert journalsystem  i løpet av mai månad 2026.

Me tilbyr:

  • Listetak vert fastsett etter om ein har kommunale oppgåver eller ikkje
  • Stillinga kan væra deleliste mellom to legar, dette er kun aktuelt om ein får to kvalifiserte søkjarar til stillinga som ynskjer denne ordninga
  • Voss herad er godkjent som utdanningsverksemd , me tilbyr ALIS- avtale med rettleiing og har fokus på kvalitet i tenesta.
  • Ved deleliste vil ein væra fråværsassistent og vikar for kvarandre
  • Rettleie LIS1 legar
  • Lønn fastsettes i henhold til lokal avtale
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar, og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.


Kvalifikasjonar:

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Spesialist i allmennmedisin eller lege som har ynskje og interesse for å bli spesialist i allmennmedisin
  • Godkjent LIS1 tjeneste i Norge
  • Har gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
  • Førarkort klasse B
  • Den som vert tilsett må ha rett til å motta trygderefusjon


Me ynskjer deg som:

  • Likar ein hektisk arbeidskvardag
  • Er interessert i allmennmedisin og fagutvikling
  • Både er sjølvstendig og arbeidar godt i tverrfaglege team
  • Har gode evner til samhandling og kommunikasjon
  • Er ansvarleg og løysingsorientert
  • Er fleksibel og utviklingsorientert

Arbeidsoppgåver:

  • Kurativ legeteneste ved Voss legekontor
  • Dokumentering i Webmed journalsystem
  • Deltaking i opplysnings- og folkehelsearbeid
  • Kvalitetsforbetring og utviklingsarbeid
  • Deltaking i daglegevaktsordning lokalt for Voss herad i tillegg til vakter ved Voss interkommunale legevakt

Godkjend politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustadseller arbeidskommune for kvar søkjar.
I fylgje offentlegheitslova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver venleg og last opp vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden

 

 

Del på:

Referansenummer:

963504492

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

31.05.2026

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Voss herad

Kontaktpersonar:

Eystein Hauge

Stilling: Kommuneoverlege Voss herad

tlf: +47 95261271

Ingunn-Olin Haugen

Stilling: Avdelingsleiar

mob: 94136967

Adresse:

Gurid Almenningens Plass 1 5704 Vossevangen

Kart: