Voss herad

Fysioterapeut vikariat

Fysioterapeut vikariat frå 01.08.26 til 01.05.27 med mogleg forlenging

Kommunalavdeling helse og omsorg ynskjer medarbeidarar som er oppteken av faget sitt og som har eit ynskje om å utvikla seg. Er du ein slik person så er du hjarteleg velkomen til å arbeida saman med oss i Voss herad sine helsetenester. Hos oss vil du få moglegheit til å påverka tenestene. Me nyttar forsking og erfaringskunnskap og har alltid tenestemottakar i sentrum når me planlegg korleis morgondagens tenester skal vera. For å møte framtidas utfordringar ynskjer me å satse betydeleg meir på førebygging og tidleg innsats.

Om stillinga

Voss herad søker etter vikar som fysioterapeut i 100% stilling i ergo og fysioterapiavdelinga. Du vil jobbe som fysioterapeut med ulike arbeidsoppgåve og etter behov i avdelinga. Du vil jobbe inne på avdeling og heime hjå brukar.   

Oppstart: 01.08.2026

Om avdelinga

Ergo/fysioterapiavdelinga ligg på Hagahaugen i lyse trivelege omgjevnader. Her har me kontor og treningssalar. Ergo/fysioterapiavdelinga har tilsett 13 fysioterapeutar og 5 ergoterapeutar inkl. leiar, turnusfysioterapeut.

Arbeidsoppgåver

Som fysioterapeut i Voss herad arbeider du i samråd med det tenestetilbodet avdelinga tilbyr og ut frå gjeldande prioriteringar og prioriteringsnøkkel. Merk at oppgåvene kan endra seg etter behov frå tenesta/heradet.

Døme på arbeidsoppgåver:   

  • Jobbe ut ifrå kunnskapsbasert praksis og vera delaktig i og drifte eit aktivt og velfungerande fysioterapitilbod i heradet
  • Oppfølging av pasient gjennom undersøking/testing, treningsrettleiing og behandling  
  • Tilrettelegging og motivering for fysisk aktivitet individuelt og i gruppe
  • Fylgje opp pasientar i brukars eigen heim
  • Vera fysioterapeut for inneliggjande pasientar på korttidsavdelinga og jobbe tverrfagleg og tett med andre fagpersonar for å gje pasient eit best mogleg rehabiliteringsopphald
  • Undervisning av helsepersonell til dømes på fagdagar og internundervisning 
  • Samarbeide med relevante eksterne samarbeidspartnarar. Praksis skal utøvast i nært samarbeid med dei andre fysioterapeutane, og anna helsepersonell i heradet, ut frå gjeldande målgruppe, behandlingstilbod og ventelister

Me ynskjer

Kvalifikasjonar:

  • Krav om godkjent fysioterapeut med autorisasjon jfr. helsepersonellova 
  • Det er ynskjeleg med brei fagleg kompetanse innan allmenn fysioterapi
  • Det er ynskjeleg med erfaring som fysioterapeut frå kommunehelsetenesta, og/eller rehabiliteringsinstitusjonar 
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg 
  • Krav om førarkort klasse B

Personlege eigenskapar: 

  • Ein fleksibel og lojal terapeut ovanfor kollega, pasient og arbeidsgjevar 
  • Evner å arbeide sjølvstendig og i team  
  • God evne til samarbeid og kommunikasjon 
  • Pasientorientert, systematisk og påliteleg arbeidsstil
  • Er ansvarsbevisst og strukturert 
  • At du har god endringsvilje og kunnskap om kommunens struktur og framtidsvisjon
  • Har interesse for å utvikle ein kunnskapsbasert fysioterapiteneste i tråd med gjeldande lovverk, reformar, planar og utfordringar i heradets helseteneste 
  • Personleg eigenskapar vil tilleggas avgjerande vekt
  • Godkjent politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga

Me tilbyr:

  • Gode vilkår for fagleg utvikling
  • Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • Yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Gode pensjonsordningar
  • Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. 

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

 

Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden og presiser kva stilling du søker på.

Del på:

Referansenummer:

226527636

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

18.05.2026

Tiltreding:

01.08.26

Arbeidsstad:

Voss herad

Kontaktpersonar:

Stine Øvsthus

tlf: 91554708

mob: 91554708

Adresse:

Hagahaugvegen 30 5705 Voss

Kart: