Er du sjukepleiar og/eller vernepleiar?
Udlabu har ledig fast stilling
Ynskjer du å jobbe på ein arbeidsplass med godt arbeidsmiljø og fagleg fokus? Søk på Udlabu!
Kommunalavdeling helse og omsorg søkjer medarbeidarar som er oppteken av faget sitt og som har eit ynskje om å utvikla seg. Er du ein slik person så er du hjarteleg velkomen til å arbeida saman med oss i Voss herad sine helsetenester. Hos oss vil du få moglegheit til å påverka tenestene. Me nyttar forsking og erfaringskunnskap og har alltid tenestemottakar i sentrum når me planlegg korleis morgondagens tenester skal vera. For å møte framtidas utfordringar ynskjer me å satse betydeleg meir på førebygging og tidleg innsats.
Om avdelinga:
Udlabu ligg sentral på Voss og har fine nye tilrettelagte omsorgsbustader. 12 av bustadane er knytt opp til døgnbemanning og er organisert som eigne bustader med tillgang til fellesareal. På Udlabu bur det personar med ulike funksjonsvariasjonar. Eininga har ca. 23 årsverk.
Udlabu søkjer
80-100 % fast stilling som vernepleiar og/eller sjukepleiar (i utgangspunktet ei 100% stilling, men me kan tilpassa stillingsprosent etter søkjars behov; mellom 80 og 100%)
Arbeidsoppgåver:
- Bistå tenestemottakar i dagliglivets gjeremål
- Målretta miljøarbeid
- Oppfylging av brukarar og tiltaksplanar, der me jobbar i team kring kvar brukar
- Medikamenthandtering og andre vernepleiarfaglege oppgåver
- Skapa tryggleik og struktur for brukarane
- Delta saman med tenestemottakar i dagleglivets oppgåver og fritidsaktiviteter
- Praktiske gjeremål og andre delegerte oppgåver frå leiar
Kvalifikasjonar
- Vernepleiar, eventuelt sjukepleiar
- Andre relevante høgskuleutdanningar kan verta vurdert
Me ynskjer:
- fordel med erfaring i arbeid til personar med ulike funksjonsvariasjonar
- Positive og løysingsorienterte tilsette
- du må lika utviklingssarbeid, å arbeida i eit aktivt miljø, vera fleksibel, engasjert og inkluderande
- deg som er oppteken av smidige løysingar og godt samarbeid med tenestemottakar, pårørande og tilsette
- God skriftleg og munnleg norsk
- Sertifikat klasse B, manuell-gir
- Fordel om søkjar er open for å jobbe natt i turnus
Me tilbyr:
- Rekrutteringstillegg for vernepleiarar / sjukepleiarar, gjeld for nytilsette.
- gode vilkår for fagleg utvikling
- varierte arbeidsdagar og arbeidsoppgåver
- eit godt tverrfagleg og godt arbeidsmiljø med trivsel blant kollegaer
- yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- gode pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
....og ein nydeleg natur og mykje fritidskaktivitetar å tilbringe fritida di med på Voss!
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar til søknaden.
Del på:
Referansenummer:
618113853
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
18.05.2026
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
Voss herad
Kontaktpersonar:
Line Førde
mob: +47 46813906
Heimeside:
http://www.voss.herad.noAdresse:
Hardangervegen 51 5705 Voss