Voss herad

Vil du påverke utviklinga i Voss og og sjå resultatet av arbeidet ditt i praksis ?

Rådgjevar Byggesak

Me søkjer ein rådgjevar innan byggesak som vil bidra til god og effektiv saksbehandling, og til open og konstruktiv dialog med innbyggjarane våre. Arbeidshverdagen er variert, med ein kombinasjon av synfaringar, saksbehandling og dialog med innbyggjarar og aktørar. Du vil få ansvar for eigne saker og vere ein viktig fagperson i møte med både privatpersonar og næringsliv. Samstundes legg me til rette for fagleg utvikling gjennom kurs og kompetanseheving, og du vil arbeide tett saman med andre fagområde i teknisk etat.
 
Byggesak er organisert med fem stillingar og er ein del av byggesak og næring, organisert under kommunalavdeling for tekniske tjenester. Heradet har for tida høg aktivitet innan sentrumsutvikling, reiseliv, bustadbygging og næringsutvikling, noko som gir ein variert og spennande sakstilgang, og gode moglegheiter til å jobbe med saker som betyr noko for utviklinga av Voss.
 
Me tilbyr: 
  • Eit inkluderande, sosialt og fagleg sterkt arbeidsmiljø
  • Gode vilkår for fagleg utvikling og kompetanseheving
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Fleksibilitet i arbeidshverdagen
  • Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
  • Arbeidsplass med nærleik til natur, kultur og eit aktivt lokalsamfunn

Arbeidsoppgåver ved avdelinga:

  • Behandle byggje- og delesøknader etter plan- og bygningslova
  • Gi rettleiing til innbyggjarar og aktørar, og følgje opp saker frå start til slutt
  • Arbeide med seksjonering og matrikkelføring
  • Behandle klagesaker og bidra til gode faglege vurderingar
  • Føre tilsyn og følgje opp ulovlege tiltak
  • Førebu saker til politisk handsaming

 Me ynskjer at du har

  • Relevant utdanning frå universitet eller høgskule, gjerne innan bygg- og eigedomsfag, juss eller arkitektur
  • Gjerne røynsle innan plan- og bygningsrett og offentleg forvaltning
  • Realkompetanse innan byggtekniske fag eller god kjennskap til plan- og bygningsrett og offentleg forvaltning kan kompensere for manglande høgare utdanning
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Kommunen nyttar nynorsk som målform
  • Gode samarbeidsevner 
  • Me ser først og fremst etter rett person. Me legg vekt på personlege eigenskapar og ser etter ein sjølvstendig, motivert og fleksibel medarbeidar som er løysingsorientert

 

Søknad
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlegheitslova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden

Del på:

Referansenummer:

466951038

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

03.05.2026

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

Voss herad

Kontaktpersonar:

Anna Lisa Garmann Klare

Stilling: Fagleiar Byggesak

mob: +47 93299657

Vidar Jørdre

Stilling: Leiar byggesak og næring

mob: +47 91728064

Adresse:

Uttrågata 9 5700 VOSS

Kart: