Voss herad

Ledige stillingar ved Voss barnevernteneste

Ledige stillingar som kontaktperson i barneverntenesta

Det er ei ledig fast stilling som kontaktperson ved Voss barnevernteneste i 100 %.

Det er to midlertidige stillingar. Den eine stillinga er eit vikariat frå 01.07.26-31.07.27. Den siste er eit års vikariat frå dagen du vert tilsett. 

Om arbeidsstaden

Me som arbeider i barneverntenesta har sett som mål at me skal arbeide saman med barn og unge ved å visa:

  • Openheit,-ved å vera ærlege og gje informasjon.
  • Kjærleik,-ved å bry oss og vise menneskevarme.
  • Me har også som mål å vere audmjuk, ved å tru på barn, vere lyttande og engasjerte.
  • Me vil praktisere medbestemming, ved å ta barn og unge med på avgjersler og be dei om tilbakemelding.
  • Me vil ivareta foreldre gjennom involvering, innverknad og samarbeid til det beste for familien.

Barneverntenesta er pr. i dag organisert i 2 team: 1. undersøking/tiltak og 2. omsorg 

Stillingane er aktuell på begge teama.

Barneverntenesta er samlokalisert med andre helse- og sosiale tenester i bygget Knutepunktet. Barneverntenesta er organisert under barne- og familietenestene i etat for oppvekst. 

Arbeidsoppgåver som barnevernkonsulent:

  • Stillinga inneber sakshandsaming etter lov om Barnevern.
  • Ansvarleg kontaktperson må møte som heradet sin partsrepresentant i  barneverns- og helsenemnda og det øvrige rettsapparatet.
  • Tilsynsarbeid, nettverksarbeid inn mot familiar og ungdom, bidra i ulike nettverk og i tverretatlig samarbeid på tvers av andre etatar, skule- og barnehage.
  • Ved tilsetjing i omsorgsteamet må ein pårekna ein del reising ut av heradet for oppfølging av barn utanfor heimen.
  • Ein må pårekne arbeid på ettermiddag og kveld
  • Sidan barnevernet er under stadig utvikling må ein og vera budd på endring av oppgåver.

Me søkjer

Fagleg kompetanse:

  • Minimum 3 årig sosial- eller barnevernfagleg høgskuleutdanning som barnevernpedagog, vernepleiar eller sosionom.
  • Gjerne relevant vidareutdanning

Menn vert oppmoda til å søkja.

I tillegg vert personlege eigenskapar vektlagt.

Me ynskjer søkjarar med:

  • Du har lengre erfaring frå arbeid i kommunal barnevernteneste
  • Du har høg arbeidskapasitet og vilje til å vere fleskibel
  • Du har gode samarbeidsevner og evne til å vere sjølvstendig  
  • Du er empatisk, engasjert og god på å bygge relasjonar 
  • Du representere barneverntenesta på ein god måte
  • Du jobbar målretta, har struktur og gjennomføringsevne
  • Du tek ansvar for oppgåvene dine, eiga komptanseutvikling og deltek aktivt i å skapa eit godt og utviklingsfremjande arbeidsmiljø
  • Du handterar utfordrande situasjonar med ro og kompetanse
  • Du kan begeistra, dela kunnskap og motivera
  • Du er villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som tenesta endrar seg

Me tilbyr

  • Gode vilkår for fagleg utvikling
  • Deltaking i å utvikla framtidas barnevern
  • Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • Kjekke og kompetente kollegaer
  • Rettleiing både internt, fagleg og prosess
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår 
  • Godkjend politiattest må framleggas før tiltreding i stillinga.
    Hugs å gje opp referansar

Søknad

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.

Del på:

Referansenummer:

443442267

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

03.05.26

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

Voss herad

Kontaktpersonar:

Kitty Prestegard

mob: +47 48014559

Adresse:

Gurid Allmenningens plass 1 5704 Voss

Kart: