Ynskjer du å arbeida som lærarvikar i Voss herad? Sjå her!
Undervisningsstilling
Ynskjer du å arbeida som lærarvikar i Voss herad? Sjå her!
Voss herad har ledig fleire vikariat som lærar frå dags dato og ut skuleåret 31.07.2026
Tilsetjinga vil skje fortløpande i perioden
Voss herad søkjer engasjerte lærarar med god fagleg kompetanse og eit stort hjarte for barn og unge. Me legg vekt på at elevane skal møta engasjerte, kompetente og trygge vaksne som kan gje elevane i Voss herad ein god ballast for vegen vidare, og me ser etter deg som ynskjer å arbeida aktivt med å skapa livsmeistring og medborgarskap i vossaskulen. Me har lærande nettverk på fleire nivå for å vidareutvikla vossaskulen og skapa felles praksis. Skulane arbeider ut frå prinsippa om ein lærande organisasjon.
Utdanning og kvalifikasjonar
- GLU 1-7
- Du som skal tilsetjast i undervisningsstilling må ha godkjent og relevant fagleg og pedagogisk kompetanse
- Anna relevant kompetanse og erfaring kan verta vurdert
Arbeidsoppgåver
- Leia, analysera og fylgja opp elevane si læring
- Vera med å skapa eit trygt og inkluderande læringsmiljø
- Vera ein aktiv deltakar og bidragsytar i skulane sitt profesjonelle læringsfellesskap
- Samarbeida med føresette og andre faginstansar
Me tilbyr:
- gode vilkår for fagleg utvikling
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
- Ein kultur der me deler kunnskap og erfaring med kvarandre
- Gode kollegaer og eit positivt miljø
- Eit utviklingsorientert arbeidsmiljø, både personleg og fagleg
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Del på:
Referansenummer:
813695185
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
27.04.2026
Tiltreding:
Snarast
Arbeidsstad:
Voss herad
Kontaktpersonar:
Magnar Helland
tlf: +47 48880331
Heimeside:
http://www.Vossherad.noAdresse:
Voss herad 5700 Voss herad