Er du sjukepleiar? Sjå her!
Sjukepleiar Voss sjukeheim
Område vest er lokalisert ved Voss sjukeheim, vegg i vegg med Voss sjukehus. Voss sjukeheim ligg sentrumsnært med gangavstand til Voss sentrum og tog-/busstasjon. Område vest består av langtidsavdeling, korttidsavdeling og heimeteneste.
Me tilbyr:
- 100% fast stilling, eller stillingsprosent etter ynskje
- rekrutteringstillegg på kr. 30.000
- tilpassa turnus, 2 delt eller langvakter, eller kombinasjon av desse
- arbeid 3.kvar eller 4.kvar helg
- Mentorprogram for nytilsette
- Sjukepleieansvar på dag og kveld
- Pleie og omsorg til våre brukarar/pasientar
- Varierte sjukepleiarfaglege oppgåver
- Tett samarbeid med fastlege/sjukeheimslege/legevakt
- Medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø
- Dokumentasjon, journalføring, tiltaksplanar og rapportsystem
- Utføre tenester etter etiske retningslinjer, aktuelt lovverk og kommunen sitt regelverk
- Rettleiingsansvar for kollegaer, lærlingar, elevar og studentar
- Pådrivar for kompetanseheving og deltar aktivt i internundervisingsopplegg
- Endringsarbeid for å utvikle og forbetre tenestene våre
- Arbeid med fokus på brukarmedverknad og kva som er viktig for kvar enkelt i kvardagen
- Arbeid med velferdsteknologi
- Engasjert sjukepleiarkollega til å jobbe ilag med eit fagleg dyktig og godt arbeidsteam
- Sjukepleiarstudentar som er ferdig utdanna ila våren 2026, er også velkomne til å søkja
- Du må ha gyldig arbeids- og opphaldstillatelse og inneha gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
- Du må vera fleksibel, villig til å ta ansvar, kunne delegere og administrere oppgåver og bidra til eit positivt, utviklande og spennande fagleg miljø i eininga
- Du er fagleg dyktig og gjerne med relevant vidareutdanning
- Du trivst med å arbeida både på eigehand og i team
- Du har «stå på vilje», engasjement og eit ynskje om å hjelpe andre
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
Som sjukepleiar hjå oss jobbar du tett ilag med fleire yrkesgrupper for å gje våre brukarar heilhetlig og kvalitetssikra tenester i alle ledd
Det er krav om politiattest ved tilsetjing.
Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.
Del på:
Referansenummer:
181095696
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
16.04.2026
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
Voss herad
Kontaktpersonar:
Randi Mona Aarhus
tlf: +47 91553540
Heimeside:
http://www.voss.herad.noAdresse:
Sjukehusvegen 15 5704 Voss