Voss herad

Er du barne og ungdomsarbeidar?

Vossaskulen søkjer fagarbeidarar

Om vossaskulen

Vossaskulen har 8 ulike barneskular, 2 skular er 1.-10.skular og me har 1 stor ungdomsskule. Vossaskulen ynskjer deg som kommuniserer godt, og er i stand til å etablera gode relasjonar med elevar, føresette og kollegaer. Du er nysgjerrig på å læra og likar å utvikla deg både fagleg og personleg. Verdien av å arbeida saman som eitt lag med eit kollektivt ansvar for elevane si læring og utvikling set du høgt.

Voss herad tilbyr:

  • Gode vilkår for fagleg utvikling
  • Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • Yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Gode pensjonsordningar
  • Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

 Tilsetjingsprosess:

  • Dette er ei felles lysing for alle vossaskulane i Voss herad.
  • Me har ledige stillingar, både faste og vikariat.
  • Tilsetjing frå 1.august 2026
  • Me ynskjer at du prioriterer i søknaden om kva skule du ynskjer på

Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partnar som gjer det same, finn du mange og spanande stillingar i Voss herad her. Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)

Kvalifikasjonskrav:

  • Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget.
  • Utdanning som kvalifiserer som miljøterapeut
  • Andre søkjarar med relevant erfaring vil også bli vurdert.

Arbeidsoppgåver:

  • Planleggja og gjennomføra helsefremjande aktivitetar som hjelper elevane til å halda seg friske
  • Skapa eit godt miljø kring eleven
  • Hjelpa eleven til å nå sine opplæringsmål

Me ynskjer at

  • Du er ein tydleg vaksenperson med gode evner til å gje omsorg
  • Du har fokus på det beste for barna, er samarbeidsvillig og kan jobba sjølvstendig
  • Du skapar gode og nære relasjonar med barn, foreldre og tilsette
  • Du er utviklingsorientert, engasjert, fleksibel, og løysingsorientert
  • Du er blid, omgjengeleg og ein god lagspelar

Menn blir oppmoda om å søkja

Godkjent politiattest må leggjast fram ved oppstart

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ver venleg og legg ved vitnemål og attestar i søknaden

 

Del på:

Referansenummer:

218572955

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

10.04.2026

Tiltreding:

01.08.2026

Arbeidsstad:

Voss herad

Kontaktpersonar:

Magnar Helland

tlf: +47 48880331

Adresse:

Voss herad 5700 Voss herad

Kart: