Voss herad

Vil du verta lærling i byggdriftarfaget?

Lærling

 

Om arbeidsplassen

Læretid i Voss herad sin bygg og eigedomsavdeling her gjennomfører du drift og vedlikehald av kommunale bygg. 

Arbeidsoppgåver 

I ordinær læretid vert det praktisk opplæring samstundes arbeid med teoretiske oppgåver. Du får rettleiing av fagrettleiar. 

Ein byggdriftar driftar og vedlikeheld bygg, både i privat og offentleg sektor. 
Sentrale arbeidsoppgåver vil vere drift av lys,- varme- og kjøleanlegg, låssystem samt vatn og avløpsinstallasjonar. 
Du føretek ettersyn av bygg og uteanlegg og utførar enkle reprasjonar og vedlikehald. Du har kontakt med andre yrkesgrupper og skaffar ekstern kompetanse ved behov. 
Ein byggdriftar arbeidar planmessig og effektivt. Du vil vera ein ressurs for eigarar og brukarar av bygget og du må kunna kommunisera godt og yta god service. 

Tidsrom

01.09.2026 - 31.08.2028

Me søkjer

  • Deg som ynskjer å ta fagvbrev i byggdriftarfaget
  • Deg som har bestått alle aktuelle fag
  • Deg som har gode samarbeidsevner og utprega serviceinnstilling og brenn for faget 

Me tilbyr

  • Gode vilkår for fagleg utvikling
  • Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • Ein trygg og god arbeidsstad med spannande oppgåver
  • Løn etter kommunaltavtaleverk og ellers tilsetjing på kommunale vilkår
  • Ei levande kulturbygd med gode oppvekst- og utdanningsvilkår
  • Mektig natur, ski- og fritidsterreng med aktivitetar frå fjord til fjell

Søknad

Søk på stillinga ved å klikke på knappen oppe til høgre
Ver vennleg å legg ved vitnemål eller karakterutskrift som vedlegg til søknaden
Hugs å gje opp referanser 

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesettnaden generelt. 
Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkje hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller kulturell bakgrunn. 

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar.
I fylgje offenlgehetsloven kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje verta oppført på søkjarlista. 
Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.  

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Engasjement

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

01.03.2026

Tiltreding:

01.09.2026

Arbeidsstad:

Voss herad

Kontaktpersonar:

Adresse:

Uttrågata 9 5700 Voss

Kart: