100% Fast stilling som fysioterapeut knytt til Friskliv og meistring
Fysioterapeut
Om stillinga
Voss herad har ein ledig 100 % fast stilling som fysioterapeut, knytt til Friskliv og meistring. Stillinga er organisert under ergo- og fysioterapiavdelinga, i avdeling for førebygging og rehabilitering. Arbeidet vil i hovudsak vera knytt til drift av eit interkommunalt Frisklivs- og meistringstilbod (FoM) for kommunane Voss, Eidfjord, Ulvik og Vaksdal.
FoM er eit lågterskel, helsefremmande og førebyggande tilbod i helse- og omsorgstenesta. Tenesta gir støtte til å endre levevanar og meistre helseutfordringar gjennom individuell veiledning og gruppebaserte tilbod. Me ynskjer å styrke deltakaranes helsekompetanse med vekt på levevanar og meistring. Tilbodet fylgjer Helsedirektoratet sine anbefalingar for kommunale Frislivssentralar.
Arbeidsoppgåver
- Utføre arbeid i eit aktivt og velfungerande interkommunalt frisklivs- og meistringstilbod etter dei føringar det interkommunale frisklivsteamet, frisklivskoordinator og leiar legg.
- Undervise og halde kurs ved frisklivstenesta, i hovudsak standardiserte kurs utvikla av Helsedirektoratet og Rådet for psykisk helse
- Utføre tidsavgrensa gruppetreningstilbod etter individuelle helsesamtaler og undersøkelser/testing
- Motivera deltakar til å endre levevanar, og meistre å leve med helseutfordingar.
- Undervisning av helsepersonell til dømes på fagdagar og internundervisning.
- Bidra aktivt i endringsprosessar og medverka til utvikling av tenesta.
- Arbeide kunnskapsbasert.
- Halde deg oppdatert på dei endringar og føringar som vert lagt nasjonalt for drift av eit kommunalt frisklivs- og meistringstilbod.
- Bidra til opplæringa av turnuskandidat/studentar i ergo og fysioterapiavdelinga og andre studentar som hospiterer ved tilbodet
- Vere instruktør ved treningsgrupper, innen- og utendørs
- Jobb med prosjekt og vere prosjektleiar ved behov
- Praksis skal utøvast i nært samarbeid med dei andre terapeutane, og anna helsepersonell i heradet, ut frå gjeldande målgruppe.
- Ved ferieavvikling og omorganisering må det kunna påreknast andre arbeidsoppgåver.
Kvalifikasjonar
- Godkjend fysioterapeut med autorisasjon jfr. helsepersonellova.
- Erfaring frå tverrfagleg samarbeid, og generelt gode samarbeidsevner.
- Svært gode kommunikasjonsevner og evne til å byggje relasjonar
- Ynskje om kunnskap og erfaring kring effektive metodar for endring av levevaner, som til dømes motiverande intervju.
- Ynskje om kunnskap om og kursleiarkompetanse på dei standardiserte kursa KiB, KiD, «Hverdagslede», Bra mat for betre helse, Sov godt og Tobakksfri.
- Ynskje om instruktørkompetanse i MediYoga
- Det er eit ynskje om kunnskap og erfaring kring ernæring, psykisk helse, fysisk aktivitet, helsefremjande og førebyggjande arbeid.
- Du må kunne halde foredrag og undervising kring relevante tema knytt til friskliv- og meistring for deltakar, men også opplæring av anna helsepersonell i heradet.
- Du må ha ynskje om å bidra aktivt i å informere om lågterskeltilbodet, på ulike arenaer
- Du må ha eit ynskje om å jobbe med prosjekt, og kunne vere prosjektleiar ved behov
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
- God brukarkunnskap og god kompetanse innan IKT
- Du må ha førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Ein fleksibel og lojal terapeut ovanfor kollega, brukar og arbeidsgjevar.
- Evner å arbeide sjølvstendig og i team.
- Du evner å jobbe effektivt, systematisk og har ein påliteleg arbeidsstil.
- Er ansvarsbevisst og strukturert.
- Trygg og stødig i undervisningssituasjonar, som kurslærer og instruktør.
- Interesse for å utvikle ei kunnskapsbasert fysioterapiteneste i tråd med gjeldande lovverk, reformar, planar og utfordringar i kommunen si helseteneste.
- Ynskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø i avdelinga.
Personlege eigenskapar er særleg viktig i stillinga, og vert vektlagt ved tilsetjing.
Godkjend politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
08.03.2026
Tiltreding:
01.05.2026
Arbeidsstad:
Voss herad
Heimeside:
http://www.voss.herad.noAdresse:
Hagahaugvegen 30 5705 Voss