Voss herad

Ferie- og tilkallingsvikarar som sjåfør/vaktmeister

Sjåfør/vaktmeister ved Voss sjukeheim

Voss Sjukeheim har ledige ferie- og ringevikariat som sjåfør/vaktmeister. Oppmodar gjerne pensjonistar til å søkja.

Me vil gjere tilsetjinger fortløpande.

Om arbeidsstaden
Voss Sjukeheim er ein institusjon som tilhøyrer område Vest og ligg vegg i vegg med Voss Sjukehus og er i gangavstand frå Voss sentrum. Voss Sjukeheim består av ein kortidsavdeling med 3 interkommunale ØH-senger, ein langtidsavdeling samt Sone vest, som dekkjer heimesjukepleie og heimehjelps oppgåver i område Vangen sentrum til Bolstad i vest. Sjåførane er organisert under Område Vest, avd. Fellestenester som har ansvar for pasienttransport/mattransport/vaktmeisteroppgåver og vaskeridrift, men ein vil arbeida ut mot alle avdelingar i helse og omsorg.

Arbeidsoppgåver

Me ser etter fleire arbeidskollegaer som kan arbeide som sjåfør/vaktmeister ilag med oss, som ringevikar og ved ferieavvikling.
Her vil du ha eit tett samarbeid med dei ulike avdelingane.

Sentrale arbeidsoppgåver vil være

  • Køyra brukarane til og frå dagsenter
  • Samarbeide både med dagavdelinga, heimetenesta, sjukeheimane og pårørande.
  • Diverse køyring mellom sjukeheimane, tannlegekøyring, turkøyring m.m.
  • Delaktig i utarbeidelsen av kjørerutene/logistikken
  • Vaktmeisteroppgåver m.m.

Arbeidstid frå måndag til fredag, dagtid. Du vil være tilknytt eit godt arbeidsmiljø med travle dagar saman med våre 5 andre sjåfør/vaktmeister.

Me søkjer

  • Førarkort kl. D1 (Minibuss)
  • Kompetansebevis for yrkessjåfør (YSK)

Personlege eigenskapar

  • Serviceinnstilt og fleksibel
  • Nøyaktig
  • Punktleg
  • Ansvarsbevisst
  • Gode norsk kunnskapar

Me vektlegg personlege eigenskapar som stå på vilje, glad i utfordringar og har ynskje om å vidareutvikle våre tenester og bidra i arbeidsmiljøet vårt.

Godkjend politiattest må framleggas før tiltreding i stillinga.

Me tilbyr

  • Om kompetansebeviset ditt (YSK) har gått ut, kan vi tilby å dekkja 35t oppdateringskurset i regi av Transportkompetanse Haugesund AS. Kursa arrangeres på Voss, mot at du binder deg som ringevikar for ein periode 2 år.
  • Spennande og utfordrande stilling i ein kommune i utvikling
  • Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • Godt arbeidsmiljø
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Ekstrahjelp

Heiltid/Deltid:

Ved behov

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

31.03.2026

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

Voss herad

Kontaktpersonar:

Håkon Grimestad

Stilling: Leiar

tlf: +47 48014581

mob: 48014581

Adresse:

Sjukehusvegen 15 5704 Voss

Kart: