Voss ungdomsskule

Undervisningsstilling Voss ungdomsskule

Lærar 100% stilling

Om arbeidsstaden

Voss ungdomsskule er ein 8. - 10. skule med omlag 560 elevar og 90 tilsette. Skulen ligg sentralt på Vossevangen, nær idrettsplassen og Vossabadet. Våre elevar skal oppleve eit inkluderande skulemiljø, der dei kan utvikla sine talent og interesser i samband med andre elevar.
Det er ledig inntil 100 % fast undervisningsstilling, tiltreding snarast råd.

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning
  • Kontaktlæraransvar må påreknast
  • Ta del i utviklingsarbeidet ved skulen

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning GLU 5-10 og undervisningskompetanse i matematikk, mat og helse og naturfag.
  • Lærar med PPU og undervisningskompetanse primært innan matematikk, mat og helse og naturfag.for 8. – 10. klasse. 

Me ynskjer at du

  • Har evne til å byggje gode og positive relasjonar til elevane, foreldre og kollegaer.
  • Er ein lærar som kan leggja til rette for eit godt samarbeid med alle involverte partar i skulen
  • og er utviklingsorientert, løysingsorientert, og tek ansvar

Me tilbyr

  • Du får eit tillegg rekrutteringstillegg kr 20 000/år (i 100 % stilling) for GLU utdanning ved fyrstegongs tilsetjing i Voss herad.
  • Som fyrstegongs tilsett i Voss herad valfritt årskort ved Voss Resort, Myrkdalen, Voss ski og tursenter eller Vossabadet. Årskortet blit dekkja inntil 5000kr
  • Gode vilkår for fagleg utvikling
  • Kontaktlærartillegg frå kr 42 200 til kr 45 000 pr år
  • Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • Yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Gode pensjonsordningar
  • Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Søknad

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden. Hugs å gje opp referansar. Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga.

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

18.01.2026

Tiltreding:

02.03.2026

Arbeidsstad:

Voss herad

Kontaktpersonar:

Kåre Grevle

tlf: +47 90948406

Adresse:

Olavsvegen 5 5700 Voss

Kart: