Nattevakt som vernepleiar eller helsefagarbeidar
Vaken nattevakt ved Lundhaugen Omsorgsbustad
Kommunalavdeling helse og omsorg ynskjer medarbeidarar som er opptekne av faget sitt og har eit ynskje om å utvikla seg. Er du ein slik person så er du hjarteleg velkomen til å arbeida saman med oss i Voss herad sine helsetenester. Hjå oss vil du få moglegheit til å påverka tenestene. Me nyttar forsking og erfaringskunnskap og har alltid tenestemottakar i sentrum når me planlegg korleis tenester for morgondagen skal vera. For å møta utfordringar i framtida har me auka fokus på førebygging og tidleg innsats.
Om avdelinga:
I Lundhaugen Osorgsbustad bur det 12 mennesker med nedsett funksjonsevne som har behov for tenester. Alle bur i eigne leiligheiter med tilgang til fellesareal. Eininga har ca. 24 årsverk. Me har fokus på å tilsetja god fagkompetanse.
Me søkjer:
- 50% fast stilling vaken nattevakt
Arbeidsoppgåver:
- bistå bebuarane til legging og når dei har behov for hjelp på natta. Det kan vera stell og pleie, rettleiing og motiveringsarbeid.
- skapa tryggleik og struktur på natt
- medikamenthandtering
- handtera alarmsystem og bistå bebuarane ved behov
- dokumentera i fagprogrammet Aidn
Kvalifikasjonar:
- vernepleiar eller anna relevant høgskule (helseutdanning)
- fagarbeider med helsefagutdanning
- du må kunne nytta dataverktøy
- Godkjent politiattest må framleggjast før tiltredning i stillinga
Personlege eigenskapar som vert vektlagt:
- gode faglege kunnskaper og kjennskap til relevant lovverk
- ansvarsbevisst og sjølvstendig
- gode samarbeidsevne
- gode kommunikasjonsevne
- løysingsorientert og positiv, ha ynskje om å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Me tilbyr:
- Rekrutteringstillegg på kr 16 000 for nytilsett vernepleiar i turnus
- gode vilkår for fagleg utvikling
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- gode pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar til søknaden.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
10.02.2026
Tiltreding:
04.05.2026
Arbeidsstad:
Voss herad
Kontaktpersonar:
Hanne Tombre
tlf: 97997165
Heimeside:
http://https://voss.herad.no/Adresse:
Ringheimsvegen 23 5704 Voss