Voss herad Skulestadvegen

80-100 % fast stilling

Vernepleiar i Skulestadvegen

Kommunalavdeling helse og omsorg ynskjer medarbeidarar som er opptekne av faget sitt og har eit ynskje om å utvikla seg. Er du ein slik person så er du hjarteleg velkomen til å arbeida saman med oss i Voss herad sine helsetenester. Hjå oss vil du få moglegheit til å påverka tenestene. Me nyttar forsking og erfaringskunnskap og har alltid tenestemottakar i sentrum når me planlegg korleis tenester for morgondagen skal vera. For å møta utfordringar i framtida har me auka fokus på førebygging og tidleg innsats.

Om arbeidsstaden

Stillinga er i Skulestadvegen som er under ombygging. Det vil auke frå 4 til 6 omsorgsbustader frå januar 2026 med heilt nye, flotte fellesareal og personalfasilitetar. I Skulestadvegen skal ein ha ein god og trygg heim, og ein har fokus på brukarmedverkand og gode aktivitetar som musikkgruppe, symjing og fotball. Kva er viktig for deg - er viktig i vårt arbeid.

Stillinga er i turnus med arbeid kvar 4.helg, dag/ettermiddagsvakter, langvakter og passiv nattevakt.

 Skulestadvegen søkjer

  • 80-100% fast stilling som vernepleiar, eller anna relevant høgskuleutdanning
  • Rekrutteringstillegg for vernepleiar i turnus kr 16 000,- ved nytilsett i 100 % fast stilling i Voss herad

 Arbeidsoppgåver

  • bistå bebuar i dagliglivet sine gjeremål og medverke til at den enkelte tek i bruk eigne ressursar til aktivitet og sjølvstende
  • bidra til fagleg utvikling og godt arbeidsmiljø i verksemda
  • kollegarettleiing og tett samarbeid med samarbeidspartar og pårørande
  • Primærkontaktoppgåver
  • andre oppgåver kan verta lagt til stillinga
  • som tilsett skal du vere med å bidra til at teamet yter heilheitleg og fagleg forsvarleg tenestetilbod til menneske med funksjonsvariasjonar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som vernepleiar, eller anna relevant høgskuleutdanning
  • gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
  • har god fagleg kunnskap og kjennskap til relevant lovverk
  • Gode datakunnskapar
  • førarkort klasse B
  • erfaring i målretta arbeid til personar med ulike funksjonsvariasjonar

Me ynskjer deg som

  • har stort engasjement for målretta arbeid og kan arbeida systematisk
  • er fleksibel og ynskjer å ta ansvar
  • er ein positiv pådrivar til endringsarbeid og utvikling av tenesten
  • bidrar til eit opent og positivt arbeidsmiljø
  • har stort engasjement for målretta arbeid i relasjonar til menneske med funksjonsvariasjonar

Me tilbyr

  • tverrfagleg samarbeid
  • gode vilkår for fagleg utvikling
  • eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
  • rekrutteringstillegg for vernepleiar kr 16 000,-

 

Personelg eigenskapar vil verta vektlagt
Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga

Søknad
Voss herad ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.
 
Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Hugs å gje opp referansar. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller takast med ved evnt. intervju. I fylgje offentlegheitslovene § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.

Del på:

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

28.11.2025

Tiltreding:

05.01.2026

Arbeidsstad:

Voss herad

Kontaktpersonar:

Siri Finne

tlf: 48014563

Adresse:

Voss Tinghus 0000 Voss

Kart: