100% vikariat som miljøterapeut/miljøarbeider i avdeling for psykisk helse og rus, Vetleflaten 2 F
Miljøterapeut/miljøarbeider
Arbeidsgiver: Voss herad avdeling for psykisk helse og rus
Stillingstittel: Miljøterapeut
Stillingsprosent: 100 %
Varighet: Vikariat 3 mnd med mulighet for forlengelse - oppstart snarest
Arbeidssted: Psykisk helse og rus avdeling Vetleflaten 2 F
Om arbeidsstaden
Avdeling for psykisk helse og rusarbeid i Voss herad har om lag 18 tilsette som arbeider i ambulerande team, Oasen aktivitetssenter og ved Vetleflaten omsorgsbustader. Det er om lag 180 tenestemottakarar som nyttar seg av tilboda våre. Avdelinga er i utvikling når det gjeld framtidsretta tenester til innbyggjarar med utfordringar innan feltet psykisk helse og eller rusutfordringar. Avdeling for psykisk helse og rus ynskjer å auka fokuset mot førebygging, tidleg innsats og på ungdom/unge vaksne
Om stillingen
Me søkjer ein engasjert og trygg miljøarbeidar til eit vikariat i vårt bu-tiltak for psykisk helse. Hos oss får du ein meiningsfull arbeidskvardag der du bidreg til å fremja livskvalitet, meistring og tryggleik hos menneske med psykiske helseutfordringar.
Arbeidsoppgaver
- Hjelpe bebuarane i kvardagen med praktiske oppgåver og sosial støtte
- Bidra til struktur og tryggleik i bebuarane sine liv
- Samarbeide med anna fagpersonell, pårørande og andre samarbeidspartnere
- Observere, dokumentera og rapportera i tråd med gjeldande regelverk og rutiner
- Medikamenthandtering
Kvalifikasjoner
- Sjukepleiar eller vernepleiar, andre relevante utdanningar kan vurderast
- Erfaring frå arbeid innan psykisk helse eller rusfeltet er ein fordel
- Gode samarbeidsevner og evne til å byggja tillit
- Evne til å arbeida sjølvstendig, strukturert og med fagleg refleksjon
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Førerkort klasse B kan vera ønskjeleg
Personlege eigenskapar
- Du tek ansvar, initiativ, er strukturert og kan handtere ein hektisk arbeidskvardag
- Du er omsorgsfull og har hjarte for dei som har psykiske helseutfordringar
- Du bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø
- Du er tydeleg og trygg
Me tilbyr
- Gode vilkår for fagleg utvikling
- Eit fagleg spannande og meiningsfullt arbeid
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Nederst i skjemaet
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
17.11.2025
Tiltreding:
17.11.2025
Arbeidsstad:
Vetleflaten 2F
Heimeside:
http://https://voss.herad.no/Adresse:
Uttrågata 16 5700 Voss