Helsefagarbeider
Er du vår nye kollega på Udlabu?
Kommunalavdeling helse og omsorg ynskjer medarbeidarar som er oppteken av faget sitt og som har eit ynskje om å utvikla seg. Er du ein slik person så er du hjarteleg velkomen til å arbeida saman med oss i Voss herad sine helsetenester. Hos oss vil du få moglegheit til å påverka tenestene. Me nyttar forsking og erfaringskunnskap og har alltid tenestemottakar i sentrum når me planlegg korleis morgondagens tenester skal vera. For å møte framtidas utfordringar ynskjer me å satse betydeleg meir på førebygging og tidleg innsats.
Om avdelinga:
Udlabu ligg sentral på Voss og har fine nye tilrettelagte omsorgsbustader. 12 av bustadane er knytt opp til døgnbemanning og er organisert som eigne bustader med tillgang til fellesareal. På Udlabu bur det personar med ulike funksjonsvariasjonar. Eininga har ca. 23 årsverk.
Me søkjer:
- 80 % fast stilling som helsefagarbeider
Arbeidsoppgåver:
- bistå tenestmottakar i dagleglivets gjeremål
- målretta miljøarbeid
- medikamenthandtering
- skapa tryggleik og struktur
- delta saman med tenestemottakar på fritidsaktivitetar
- praktiske gjeremål og andre delegerte oppgåver frå leiar
- tilsett skal vera ein støtte og rollemodell, med fokus på brukardeltaking, aktivitet og hjelp til sjølvhjelp.
- arbeidsoppgåvene varierer frå stell og pleie, huslege gjeremål, trening/motiveringsarbeid, oppfylging av helse, samarbeid med andre etatar og pårørande
- du må kunna nytta dataverktøy og vil få opplæring
Kvalifikasjonar:
- fagbrev som helsefagarbeidar
- ynskje om førarkort klasse B
Me ynskjer at du
- har god faglege kunnskaper og kjennskap til relevant lovverk
- tverrfagleg kompetanse
- relasjonskompetanse
- rettleiingskompetanse
- personlege eigenskapar vert vektlagt
- Fordel med kjennskap til arbeid med personar med funksjonsvariasjoner
Me tilbyr:
- gode vilkår for fagleg utvikling
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- gode pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Godkjent politiattest må framleggjast før tiltredning i stillinga
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
28.11.2025
Tiltreding:
05.01.2026
Arbeidsstad:
Voss herad
Kontaktpersonar:
Line Førde
mob: +47 46813906
Heimeside:
http://https://voss.herad.no/Adresse:
Hardangervegen 51 5705 Voss