Fast 100% stilling som fagarbeidar eller miljørettleiar på Vangen skule
Fagarbeidar eller miljørettleiar
Voss herad søkjer miljørettleiar eller fagarbeidar med eit stort hjarte for barn og unge. Me legg vekt på at elevane skal møta engasjerte, kompetente og trygge vaksne som kan gje elevane i Voss herad ein god ballast for vegen vidare, og me ser etter deg som ynskjer å arbeida aktivt med å skapa livsmeistring og medborgarskap i vossaskulen. Me har lærande nettverk på fleire nivå for å vidareutvikla vossaskulen og skapa felles praksis. Skulane arbeider ut frå prinsippa om ein lærande organisasjon.
Vangen skule ligg i sentrum og har omlag 235 elevar og 115 elevar på SFO. Skulen ligg i naturskjønne omgjevnader med kort veg til idrettsbane, bibliotek, symjehall, gondolbane og andre fasilitetar. Skulen har innføringsklasse og ein avdeling for elevar med autismespekterforstyrringar. Satsingsområde er inkluderande skulemiljø med hovudfokus på sosial læring og utvikling. Vangen skule er ein 1.-7. skule. Det er kort gangavstand frå jernbanestasjon og buss-stasjon.
Vangen skule har ledig ei fast stilling opp til 100% stilling som miljørettleiar/fagarbeidar/assistent frå 1. des 2025 eller etter avtale.
Arbeidsoppgåver
- arbeidsoppgåvene vil i størst grad vera knytt opp til skule og SFO, med oppfylging av born i undervisning, aktivitet og leik
- samarbeide i team om oppfylging av born/elevar som har ulike utfordringar, til dømes innan autismespekteret
Kvalifikasjonar
- fagarbeidar med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
- miljørettleiar med utdanning innen sosialt arbeid, vernepleie, pedagogikk eller annen relevant høgskuleutdanning
- anna relevant utdanning/arbeidserfaring kan bli vurdert
- gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- du har eit stort engasjement for elevar med særskilde behov
- du tek ansvar, er strukturert og kan handtere ein hektisk arbeidskvardag
- du kommuniserer godt og er i stand til å etablera gode relasjonar med elevar, føresette og kollegaer
- du bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø
- du er nysgjerrig på å læra og likar å vere i utvikling
- du ser verdien av å arbeida saman som eitt lag med eit kollektivt ansvar for elevane si læring
- du kan handtere høgt tempo, hyppige endringar og uforutsette endringar i arbeidskvardagen
- jobben kan vera både fysisk og psykisk krevjande, så du må ha god helse og vera tilstades både mentalt og fysisk gjennom heile arbeidskvardagen
Personlege eigenskapar vil verta vektlagt
Me tilbyr
- gode vilkår for fagleg utvikling
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
07.11.2025
Tiltreding:
01.12.2025
Arbeidsstad:
Voss herad
Kontaktpersonar:
Svenn Åge Sletner
tlf: 45471847
Heimeside:
https://voss.herad.no/Adresse:
Hestavangen 24 5700 Voss