Voss herad

Miljøterapeut hjå Barne- og Familiehjelpa

Miljøterapeut

Barne- og Familiehjelpa søkjer miljøterapeut i 100% prosjektstilling, med oppstart snarast. Varigheit 1 år, med moglegheit for forlenging. 
 
Informasjon om stillinga: 
  • Barne- og Familiehjelpa har fått tildelt prosjektmidlar frå statsforvaltaren. Me søkjer difor etter miljøterapeut i 100 % stilling i eitt år med moglegheit for forlenging. Det er ønskjeleg med oppstart så snart som mogleg. Stillinga vil ha ei særleg rolle i å støtta skulen i arbeidet med å redusera skulefråvær og auke utsette elevar sitt nærvær i skulen. 
  •  Noko ettermiddag og kveldsjobbing må påreknast i periodar. 

 Om arbeidsstaden 

Barne- og Familiehjelpa er ei avdeling i Barne- og familietenestene i kommunalavdeling Oppvekst. Oppvekst har ansvar for grunnskular, barnehagar, integrering, vaksenopplæring, barnevern, helsestasjon- og skulehelsetenesta, psykologtenesta og PPT i Voss herad. Barne- og familiehjelpa er eit lågterskeltilbod for innbyggjarar i Voss herad. Me har eit breitt fagmiljø med familieterapeutar, miljøterapeutar, PMTO-terapeutar mfl., og me jobbar tett i lag med kommunepsykologane. Du vert ein del av ei aktiv og kompetent faggruppe, som jobbar med mellom anna rettleiing, rådgjeving og miljøterapeutiske tiltak. Barne- og familiehjelpa gir tilbod til enkeltpersonar, par og familiar med born og ungdom, som oppsøkjer tenesta med ulike relasjonsutfordringar. Mgjev tilbod til barnefamiliar på lågterskel, der dei sjølve kan ta kontakt. Andre tenester som barnhage, skule, ppt og helsestasjon mfl kan og ta kontakt for drøft og tilvising saman med familien. Me tilbyr og tenester i form av tiltaksarbeid på vedtak frå barnevernstenesta, så vel som å støtte andre kommunale einingar i tilfelle der det er tenleg. Me er samlokaliserte med fleire andre hjelpetenester, og har sentrale kontorlokale på “Knutepunktet”, like ved Voss togstasjon. Du vert ein del av ei aktiv og engasjert faggruppe som saman arbeider for å styrkje barn, familiar og lokalsamfunnet her på Voss.   

Arbeidsoppgåver:  

  • Miljøterapeutisk oppfylging av barn, ungdom og arbeid inn mot familiar, barn og ungdom i heimnærmiljø og skule. 
  • Rettleiing i grupper og på individnivå
  • Arbeida tverrfagleg 
  • Ettervern 
  • Gjennomføring av familierettleiingskurs 

Kvalifikasjonar

  • årig helse- og sosialfagleg utdanning (barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar) 
  • gode norskkunnskapar munnleg og skrifteleg, gjennomført B1-prøve 
  • anna språkleg kompetanse er positivt 
  • Dersom du har erfaring frå metodisk rettleiingsprogram som COS-P, Marte Meo, Cool Kids osv. er det ein fordel. 

Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner som gjer det same, finn du mange spennande stillingar i Voss herad her: Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com) 

Me ynskjer at du: 

  • erfaring frå miljøterapeutisk arbeid inn mot born, ungdom og familiar
  • erfaring frå familierettleiing 
  • sertifikat klasse B
  • er fleksibel og trivs med utfordringar, og har hurtig evne til omstilling 
  • har gode kommunikasjons og samarbeidsevner 
  • er ein god lagspelar 

 For oss er det viktig korleis du som person egnar deg til jobben. Personlege eigenskapar og teamets samansetning vil bli særleg vektlagt i den totale vurderinga. 

Voss herad tilbyr: 

  • eit uformelt, hyggeleg og profesjonelt miljø 
  • gode vilkår for fagleg utvikling 
  • løn og pensjon etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår 
  • ein kultur der me deler kunnskap og erfaring med kvarandre 
  • eit utviklingsorientert arbeidsmiljø, både personleg og fagleg 
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar 

 

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlegheitslova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje. Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden. Hugs å gje opp referansar. Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga. 

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

02.11.2025

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Voss Herad

Kontaktpersonar:

Trine Viste

Stilling: Leiar Barne - og Familiehjelpa

mob: +47 47870244

Adresse:

Voss herad 5700 Voss herad

Kart: