Voss herad

Er du psykolog? Treng me deg i Voss herad!

100 % psykolog hjå Barne- og Familiehjelpa

Barne- og Familiehjelpa søkjer psykolog i 100% prosjektstilling, med oppstart snarast. Varigheit 1 år, med moglegheit for forlenging. 

Informasjon om stillinga: 

Barne- og Familiehjelpa har fått tildelt prosjektmidlar frå statsforvaltaren. Me søkjer difor etter psykolog i 100 % stilling i eitt år med moglegheit for forlenging. Det er ønskjeleg med oppstart så snart som moglegStillinga vil ha ei særleg rolle i å støtta skulen i arbeidet med å redusera skulefråvær og auke utsette elevar sitt nærvær i skulen. 

Om arbeidsstaden 

Barne- og Familiehjelpa er ei avdeling i Barne- og familietenestene i kommunalavdeling Oppvekst. Oppvekst har ansvar for grunnskular, barnehagar, integrering, vaksenopplæring, barnevern, helsestasjon- og skulehelsetenesta, psykologtenesta og PPT i Voss herad. Barne- og familiehjelpa er eit lågterskeltilbod for innbyggjarar i Voss herad. Me har eit breitt fagmiljø med familieterapeutar, miljøterapeutar, PMTO-terapeutar mfl., og me jobbar tett i lag med kommunepsykologane. Du vert ein del av ei aktiv og kompetent faggruppe, som jobbar med mellom anna rettleiing, rådgjeving og miljøterapeutiske tiltak. Me gjev tilbod til barnefamiliar på lågterskel, der dei sjølve kan ta kontakt. Andre tenester som barnhage, skule, ppt og helsestasjon mfl kan og ta kontakt for drøft og tilvising saman med familien. Me tilbyr og tenester i form av tiltaksarbeid på vedtak frå barnevernstenesta, så vel som å støtte andre kommunale einingar i tilfelle der det er tenleg. Me er samlokaliserte med fleire andre hjelpetenester, og har sentrale kontorlokale på “Knutepunktet”, like ved Voss togstasjon. Du vert ein del av ei aktiv og engasjert faggruppe som saman arbeider for å styrkje barn, familiar og lokalsamfunnet her på Voss.  

Arbeidsoppgåver: 

  • Kartlegging 
  • Rettleiing/rådgjeving til born, ungdom, foreldre og andre samarbeidspartnarar særleg skulane på Voss 
  • Systemretta arbeid 
  • Deltaking i organisasjons- og kompetanseutvikling 
  • Tverrfagleg samarbeid 

 

Kvalifikasjonar: 

  • Autorisert psykolog, men anna relevant utdanning/erfaring kan verta vurdert 
  • Høgskule eller universitetsutdanning innanfor områda psykologi og/eller spesialpedagogikk/pedagogikk 
  • God kunnskap/erfaring med både det allmennpedagogiske og det spesialpedagogiske arbeidet i skule 
  • Sertifikat klasse B 
  • Utdanning frå utlandet må vera godkjentav direktoratet for høgare utdanning og kompetanse 

Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga 

Det er ynskjeleg med: 

  • Kunnskap om relasjonsbygging og skulefråvær 
  • Kunnskap om åtferdsutfordringar 
  • God digital kompetanse 
  • Gode norskspråklege kommunikasjonsferdigheiter  

 

Voss herad tilbyr: 

  • me tilbyr praksis, rettleiing og kurs i tråd med krav til ulike spesialiseringsretningar.  
  • gode vilkår for fagleg utvikling, moglegheit til å bidra i utviklingsarbeid. 
  • eit godt tverrfagleg og sosialt miljø, moglegheit til å jobbe tverrfagleg og systemretta i samarbeid med andre fagpersonar og tenester 
  • ein arbeidsplass som verdset psykologkompetanse og legg til rette for fagleg fellesskap og fagleg utvikling 
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar 
  • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår 

 

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlegheitslova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje. Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden. Hugs å gje opp referansar. Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga. 

 

 

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

02.11.2025

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Voss Herad

Kontaktpersonar:

Trine Viste

Stilling: Leiar Barne - og Familiehjelpa

mob: +47 47870244

Adresse:

Voss herad 5700 Voss herad

Kart: