
Er du familieterapeut? Voss herad treng deg!
100 % familieterapeut i prosjektstilling
Barne- og Familiehjelpa søkjer familieterapeut i 100% prosjektstilling, med oppstart snarast. Varigheit 1 år, med moglegheit for forlenging.
Informasjon om stillinga:
- Barne- og Familiehjelpa har fått tildelt prosjektmidlar frå statsforvaltaren. Me søkjer difor etter miljøterapeut i 100 % stilling i eitt år med moglegheit for forlenging. Det er ønskjeleg med oppstart så snart som mogleg. Stillinga vil ha ei særleg rolle i å støtta skulen i arbeidet med å redusera skulefråvær og auke utsette elevar sitt nærvær i skulen.
- Noko ettermiddagsjobb må påreknast i periodar.
Om arbeidsstaden:
Barne- og Familiehjelpa er ei avdeling i Barne- og familietenestene i kommunalavdeling Oppvekst. Oppvekst har ansvar for grunnskular, barnehagar, integrering, vaksenopplæring, barnevern, helsestasjon- og skulehelsetenesta, psykologtenesta og PPT i Voss herad. Barne- og familiehjelpa er eit lågterskeltilbod for innbyggjarar i Voss herad. Me har eit breitt fagmiljø med familieterapeutar, miljøterapeutar, PMTO-terapeutar mfl., og me jobbar tett i lag med kommunepsykologane. Du vert ein del av ei aktiv og kompetent faggruppe, som jobbar med mellom anna rettleiing, rådgjeving og miljøterapeutiske tiltak. Barne- og familiehjelpa gir tilbod til enkeltpersonar, par og familiar med born og ungdom, som oppsøkjer tenesta med ulike relasjonsutfordringar. Me gjev tilbod til barnefamiliar på lågterskel, der dei sjølve kan ta kontakt. Andre tenester som barnhage, skule, ppt og helsestasjon mfl kan og ta kontakt for drøft og tilvising saman med familien. Me tilbyr og tenester i form av tiltaksarbeid på vedtak frå barnevernstenesta, så vel som å støtte andre kommunale einingar i tilfelle der det er tenleg. Me er samlokaliserte med fleire andre hjelpetenester, og har sentrale kontorlokale på “Knutepunktet”, like ved Voss togstasjon. Du vert ein del av ei aktiv og engasjert faggruppe som saman arbeider for å styrkje barn, familiar og lokalsamfunnet her på Voss.
Arbeidsoppgåver:
- Terapi og rådgivning for familiar og par med born, som har relasjonsvanskar eller er i eit samlivsbrot.
- Veiledning, undervisning og kurs for ulike målgrupper.
- Rettleiing i grupper.
- Rettleiing på individnivå.
- Jobbe saman med andre hjelpeinstansar for å danne laget rundt barnet.
- Utadretta og forebyggende arbeid.
- Fagutvikling.
Kvalifikasjonar:
- minimum 3 årig helse- og sosialfagleg utdanning (barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar).
- videreutdanning tilsvarende familieterapi.
- gode norskkunnskapar munnleg og skrifteleg, gjennomført B1-prøve
- anna språkleg kompetanse er positivt
- dersom du har erfaring frå metodisk rettleiingsprogram som COS-P, Marte Meo osv. er det ein fordel
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner som gjer det same, finn du mange spennande stillingar i Voss herad her: Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)
Me yskjer at du har:
- erfaring frå miljøterapeutisk arbeid inn mot born, ungdom og familiar.
- erfaring frå terapeutisk arbeid som familierettleiing.
- har interesse for familiearbeid
- har sertifikat klasse B
Personlege eigenskapar:
- evner å møte menneskjer i vanskeleg livssituasjon på ein respektfull, god og trygg måte
- er fleksibel og trivs med utfordringar, og har hurtig evne til omstilling
- har gode kommunikasjons og samarbeidsevner både i team og sjølvstendig jobbing.
- er ein god lagspelar
For oss er det viktig korleis du som person egnar deg til jobben. Personlege eigenskapar og teamets samansetning vil bli særleg vektlagt i den totale vurderinga.
Voss herad tilbyr:
- eit uformelt, hyggeleg og profesjonelt miljø
- gode vilkår for fagleg utvikling
- løn og pensjon etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
- ein kultur der me deler kunnskap og erfaring med kvarandre
- eit utviklingsorientert arbeidsmiljø, både personleg og fagleg
- god forsikrings- og pensjonsordning
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlegheitslova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje. Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden. Hugs å gje opp referansar. Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
02.11.2025
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
Voss Herad
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://https://voss.herad.no/Adresse:
Voss herad 5700 Voss herad