
Lærar innan rockeband 46% stilling, vikariat
Lærar innan rockeband 46% stilling, vikariat
Voss kulturskule har ledig 46% stilling, vikariat som lærar innan rockeband frå 27.10.2025- 31.07.2026
Om arbeidsstaden
Voss kulturskule har om lag 9,5 årsverk fordelt over 20 tilsette. Skuleåret 24/25 har skulen om lag 560 registrerte elevplassar innan musikk,dans,drama og biletkunst.
Skulen har base og det aller meste av undervisninga si i Voss kulturhus, og har mange store og mindre produksjonar i løpet av skuleåret. Me nyttar programmet Speedadmin i administrasjon av skulen, og det er ein fordel om søkjarar har erfaring med dette programmet.
Arbeidsoppgåver
- Gruppeundervisning i rockeband
- Planlegge og gjennomføre konsertar
- Delta på møter, felles utviklingsarbeid
- Tverrfagleg samarbeid med andre tilsette i kulturskulen konsertar, forestillingar og prosjekter i løpet av skuleåret.
Kvalifikasjoner
- Høgare kunstfagleg utdanning er ønskeleg.
- Erfaring frå kulturskuleundervisning, eller tilsvarande undervisning vil bli vektlagt
- Gode samarbeidsevner og personlighet vert vektlagt
- God IT forståelse
Me tilbyr
- Fine undervisningslokaler i Voss Kulturhus
- Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
Voss herad ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald. Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Hugs å gje opp referansar. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller takast med ved evnt. intervju. Ifølgje Offentleglova § 25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
13.10.2025
Tiltreding:
27.10.2025
Arbeidsstad:
Voss herad
Kontaktpersonar:
Oddvar Nøstdal
tlf: +47 91874240
Heimeside:
http://https://voss.herad.no/Adresse:
Voss kulturhus 5701 Voss