
Sjukepleiar vikariat
Sjukepleiar
Stillingsannonse sjukepleiar vikariat 50 % frå snarast, Voss legekontor
Har du lyst til å arbeide ved Voss legekontor ? Me har ledig 50 % sjukevikariat for sjukepleiar hjå oss. Ynskjer du høgare stillingsprosent frå du moglegheit til å arbeide ved ein av våre flott institusjonar. Vikariatet varer ut november 2025 med mogleg forlenging.
Om arbeidsstaden
Voss legekontor held til ved Knutepunktet.
I dag har me 9 legar og ein LIS 1 lege som arbeider ved kontoret samt 6 sjukepleiarar, 1 medisinsk sekretær og ein sekretær.
Arbeidsoppgåver for sjukepleiar:
• Kundebehandling i ekspedisjonen
• Triagering av legetimar etter legevaktsindeks
• Blodprøvetaking
• Injeksjonar og infusjonar
• Sårskift
• EKG, spiro-/og audiometri
• Andre prosedyrar og arbeidsoppgåver etter behov
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partnar som gjer det same, finn du mange og spanande stillingar i Voss herad her. Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)
Me søkjer etter deg som har
• Norsk autorisasjon som sjukepleiar
• Erfaring frå legekontor med dei arbeidsoppgåvene som er spesifisert under arbeidsoppgåver for sjukepleiar
• Erfaring med journalsystemet Infodoc
Personlege eigenskapar:
• Imøtekomande og serviceinnstilt
• Gode samarbeidsevner
• Fagleg dyktigheit
• Evne til å koordinera og planleggja
• Evne til å ta ansvar
Me tilbyr
• Gode vilkår for fagleg utvikling
• Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
• Gode forsikrings- og pensjonsordningar
• Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Godkjend politiattest må framleggas før tiltreding i stillinga
Søknad
Voss herad ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.Menn vert oppmoda om å søkja
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlegheitslova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver venleg og legg ved vitnemål og attestar i søknaden.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
19.10.2025
Tiltreding:
Snarast
Arbeidsstad:
Voss herad
Heimeside:
http://https://voss.herad.no/Adresse:
Gurid Almenningens Plass 1 5704 Vossevangen