Voss herad

Rådgjevar byggesak

Vil du jobbe som rådgjevar byggesak - midt i hjarta av Vestland ?

Me søkjer etter ein engasjert og strukturert person som vil vere med å utvikle bygda vidare. Me søkjer etter ein rådgjevar innan byggesak som vil bidra til god, effektiv og rettstrygg sakshandsaming – og til open og konstruktiv dialog med innbyggjarane våre. Stillinga er fast, 100% med moglegheit for oppstart frå november 2025.
 Byggesak har 5 stillingar og er ein del av byggesak og næring, organisert under kommunalavdeling for tekniske tenester. Heradet har for tida høg aktivitet innan sentrumsutvikling, reiseliv, bustadbygging og næringsutvikling. – noko som gir ein variert og spanande sakstilgang. 

Me tilbyr

  • Eit inkluderande og skapande arbeidsmiljø
  • Eit fagleg sterkt og sosialt miljø
  • Gode vilkår for fagleg utvikling og kompetansebygging
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege, kommunale vilkår
  • Fleksibilitet i arbeidsdagen
  • Nærleik til natur, kultur og folk

 

Arbeidsoppgåver ved avdelinga

  • Handsaming av byggje- og delesøknadar etter plan og bygningslova
  • Rettleiing og oppfølging av søkjarar og publikum
  • Seksjonering og matrikkelføring
  • Handsaming av klagesaker
  • Tilsyn og oppfølging av ulovlege tiltak mm
  • Førebuing av saker til politisk sakshandsaming

 

Me ynskjer at du har

  • Relevant utdanning frå universitet eller høgskule, særleg innan juss eller eigedomsfag
  • God røynsle innanfor plan- og bygningsrett og offentleg forvaltning
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Kommunen nyttar nynorsk som målform
  • Gode samarbeidsevner
  • God kjennskap til plan- og bygningsrett og offentleg forvaltning kan i særskilte høve kompensera for manglande formell  utdanning
  • Me legg vekt på personlege eigenskapar, og ser etter ein sjølvstendig, motivert og fleksibel medarbeidar som er løysingsorientert.

 

Søknad

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me

oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlegheitslova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

07.10.2025

Tiltreding:

snarleg

Arbeidsstad:

Voss herad

Kontaktpersonar:

Eirik Lie

Stilling: Fagleiar Byggesak

mob: +47 45281274

Vidar Jørdre

Stilling: Leiar byggesak og næring

mob: +47 91728064

Adresse:

Uttrågata 9 5700 VOSS

Kart: