Voss herad

Psykolog/pedagogisk psykologisk rådgjevar PPT Voss

Psykolog/rådgjevar

Det er ledig 100 % vikariat som psykolog/pedagogisk-psykologisk rådgjevar ved Barne- og familietenestene, PPT Voss frå 1.desember 2025 – 30.november 2026

 

Om arbeidsstaden

PPT er ei avdeling i Barne- og familietenestene i kommunalavdeling Oppvekst. Kommunalavdelinga har ansvar for grunnskular, barnehagar, integrering, vaksenopplæring, barnevern, helsestasjon- og skulehelsetenesta, psykologtenesta og PPT i Voss herad. PPT Voss dekkjer kommunane Eidfjord og Voss. Tenestestad er Voss. Arbeid i begge kommunane må påreknast. PPT Voss har eit stort og breitt fagmiljø med rådgjevarstillingar, spesialpedagogar, logopedar, meistringsteam og merkantile støttefunksjonar. PP- tenesta har kontor i Knutepunktet der me er samlokalisert med fleire andre hjelpetenester. Rådgjeving, førebygging og tidleg innsats står sentralt i tenesteoppgåvene, i tillegg til ivaretaking av rolla som sakkunnig instans. Stillingsinnhaldet kan bli endra som følgje av ny organisering.

 

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og sakkunnig arbeid
  • Rettleiing/rådgjeving til elev, føresette, skule og andre samarbeidspartnarar
  • Systemretta arbeid
  • Deltaking i organisasjons- og kompetanseutvikling
  • Tverrfagleg samarbeid

 

Kvalifikasjonar

  • PPT søkjer etter autorisert psykolog, men anna relevant utdanning/erfaring kan verta vurdert
  • Høgskule eller universitetsutdanning innanfor områda psykologi og/eller spesialpedagogikk/pedagogikk

 

Me søkjer

  • God kunnskap/erfaring med både det allmennpedagogiske og det spesialpedagogiske arbeidet i skule
  • Kunnskap om relasjonsbygging og skulefråvær
  • Kunnskap om åtferdsutfordringar
  • God digital kompetanse
  • Gode norskspråklege kommunikasjonsferdigheiter
  • Godkjent politiattest vert å leggje fram før tiltreding av stillinga
  • Utdanning frå utlandet må vere godkjent frå NOKUT

 Det er eit krav om at den som vert tilsett har sertifikat klasse B 

 Me tilbyr

  • gode vilkår for fagleg utvikling
  • eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

 

Søknad

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me

oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlegheitslova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.

 

 

Kontaktperson

Mette Marit Stark, leiar PPT Voss Tlf.99207128 E-post: mette.m.stark@voss.herad.no

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

29.09.2025

Tiltreding:

01.12.2025

Arbeidsstad:

Voss herad

Kontaktpersonar:

Adresse:

Sosialbygget 2.etg. Miltzowgate 2 5700 Voss

Kart: