
Fast 100% stilling for helsefagarbeidar i heimetenesta på sone vest.
I heimetenesta på område vest treng me fleire dyktige kollegaer. Me er ei dynamisk kollegagruppe i alle aldre, som ynskjer mangfold i avdelinga vår. Er du godt voksen, veldig ung, eller midt imellom er du hjarteleg velkomen hjå oss. Me ynskjer oss deg som er engasjert og trivst med å arbeide med menneske. Har du "stå på vilje", engasjement og eit ynskje om å hjelpe andre, er dette rette plassen for deg!
Du vil sjølvsagt få både opplæring og oppfølging av flotte kollegaer på arbeidsplassen.
Stillingen er fast 100% i turnus med arbeid dag, kveld og helg
Om arbeidsstaden
Heimetenesta i sone vest er ei av 5 avdelingar som ligg under område vest. Me har vår base i 1. etg på Voss Sjukeheim. På dag/kveld/helg har me ansvar for heimebuande i vårt område. På natt har me eige nattevaktsordning som server heile heradet. Tillitsmodellen ligg til grunn for vårt pasientarbeid. Det skjer mykje spanande utvikling på område vest, og personsentrert omsorg står høgt. Du vil få moglegheita til å bli ein del av eit dyktig fagmiljø, med dedikerte og kunnskapsrike tilsette på heile huset.
Me tilbyr
Varierte oppgåver med fokus på fagleg utvikling, stort fleksibilitet og høg kvalitet, som skal drive omsorgstenesta opp og fram ved hjelp av kontinuerleg kompetansebygging, og nært tverrfagleg samarbeid. . Me har eit godt arbeidsmiljø og høg trivsel. Me arbeider etter årsturnusprinsippet som sikrar føreseieleg arbeidstid for dei tilsette, og kontinuitet for våre brukarar. Som tilsett kan du påverka arbeidsrotasjonen din.
Tilrettelagt årsturnus med blant anna moglegheit for langvakter på helg
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Løn etter gjeldande avtaleverk
Me søkjer deg som:
Har norsk autorisasjon som helsefagarbeidar. Studentar er også velkomen til å søkja. Assistentar som samlar timar og har ambisjon om å ta fagbrev kan også bli vurdert.
Meistrar skriftleg og munnleg norsk
Har førarkort klasse B
Arbeidsoppgåver.
Heilheitleg pleie, omsorg og behandling av brukarar i heimane med fokus på brukarmedverknad og kva som er viktig for kvar enkelt i det daglege
Utføra helsefaglege oppgåver som kartleggingar, behandling og observasjon.
Bidra til å ivareta den enkelte bebuar sin identitet, eigenverdi og sjølvstende
Legemiddelhandtering etter delegasjon
Dokumentasjon, lage og evaluera tiltaksplanar
Veiledning og opplæring av kollegaer.
Samarbeid med pasient, pårørande, og anna tverrfagleg personell
Nytta velferdsteknologi
Heimehjelpsoppdrag
Personleg eigenskapar som vil verta vektlagt:
Er fagleg trygg
Kan jobba strukturert
Ta ansvar for tildelte oppgåver og ha god gjennomføringsevne.
Er empatisk og opptatt av best mogleg helsehjelp og omsorg for brukarane
Kan jobbe både sjølvstendig og i nært samarbeid med andre
Er forberedt på at ulike utfordringar kan oppstå, og bidra til å finne løysingar på eventuelle problemstillingar
Godkjend politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
17.08.2025
Tiltreding:
Snarast
Arbeidsstad:
Sone vest
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://https://voss.herad.no/Adresse:
Sjukehusvegen 15 5704 Voss