
Ledige stillingar for helsefagarbeidarar i heimetenesta på sone aust.
I heimetenesta på område aust treng me fleire dyktige kollegaer. Me er ei dynamisk kollegagruppe i alle aldre, som ynskjer mangfold i avdelinga vår. Er du godt voksen, veldig ung, eller midt imellom er du hjarteleg velkomen hjå oss. Me ynskjer oss deg som er engasjert og trivst med å arbeida med menneske. Har du "stå på vilje", engasjement og eit ynskje om å hjelpe andre, er dette rette plassen for deg! Me har ledige fast og vikarierande stilling: 100% fast stilling og 100% vikariat tom 01.09.26
Du vil sjølvsagt få både opplæring og oppfølging av flotte kollegaer på arbeidsplassen.
Stillingane er i turnus med arbeid dag, kveld og helg.
Om arbeidsstaden
Sone aust er lokalisert på Vetleflaten omsorgssenter. Tillitsmodellen ligg til grunn for vårt pasientarbeid. Vetleflaten ligg ved Voss sentrum, der det er gode buss og tog forbindelsar. Her tilbyr me tenester til langtidsavdelingar og heimebaserte tenester. Det skjer mykje spanande utvikling på område aust, og personsentrert omsorg står høgt. Du vil få moglegheita til å bli ein del av eit dyktig fagmiljø, med dedikerte og kunnskapsrike tilsette på heile huset.
Me tilbyr
Varierte oppgåver med fokus på fagleg utvikling, stort fleksibilitet og høg kvalitet, som skal drive omsorgstenesta opp og fram ved hjelp av kontinuerleg kompetansebygging, og nært tverrfagleg samarbeid. . Me har eit godt arbeidsmiljø og høg trivsel. Me arbeider etter årsturnusprinsippet som sikrar føreseieleg arbeidstid for dei tilsette, og kontinuitet for våre brukarar. Som tilsett kan du påverka arbeidsrotasjonen din.
Tilrettelagt årsturnus med blant anna moglegheit for langvakter på helg
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Løn etter gjeldande avtaleverk
Me søkjer deg som:
Har norsk autorisasjon som helsefagarbeidar. Studentar er også velkomen til å søkja. Assistentar som samlar timar og har ambisjon om å ta fagbrev kan også bli vurdert.
Meistrar skriftleg og munnleg norsk
Har førarkort klasse B
Arbeidsoppgåver
Heilheitleg pleie, omsorg og behandling av brukarar i heimane med fokus på brukarmedverknad og kva som er viktig for kvar enkelt i det daglege
Utføra helsefaglege oppgåver som kartleggingar, behandling og observasjon.
Bidra til å ivareta den enkelte bebuar sin identitet, eigenverdi og sjølvstende
Legemiddelhandtering etter delegasjon
Dokumentasjon, lage og evaluera tiltaksplanar
Veiledning og opplæring av kollegaer.
Samarbeid med pasient, pårørande, og anna tverrfagleg personell
Nytta velferdsteknologi
Personleg eigenskapar som vil verta vektlagt:
Er fagleg trygg
Kan jobba strukturert
Ta ansvar for tildelte oppgåver og ha god gjennomføringsevne.
Er empatisk og opptatt av best mogleg helsehjelp og omsorg for brukarane
Kan jobbe både sjølvstendig og i nært samarbeid med andre
Er forberedt på at ulike utfordringar kan oppstå, og bidra til å finne løysingar på eventuelle problemstillingar
Godkjend politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
24.08.2025
Tiltreding:
Snarast
Arbeidsstad:
Sone aust
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.voss.herad.noAdresse:
Hardangervegen 49 0000 Voss