Voss herad

Er du barne- og ungdomsarbeidar?

Voss herad har ledig stilling som fagarbeidar

Tilsetjing fortløpande i perioden 

Det er ledig to heile stillingar både fast og vikariat i Tueteigen barnehage frå 1.8.2025

Det kan  verta andre ledige stillingar i barnehagane frå august og utover hausten i Vossabarnehagane.

Om Vossabarnehagane:

Det er 11 kommunale barnehagar i heradet. I vossabarnehagane er me opptekne av å skapa kvalitet og gode relasjonar i møte med barn, foreldre og tilsette. Du kan lesa meir om den enkelte barnehage på Voss herad si heimeside: Vossabarnehagane arbeider kontinuerleg for å vidareutvikla den gode barnehage og me har mange engasjerte og dyktige tilsette.

Voss herad tilbyr:

  • Gode vilkår for fagleg utvikling
  • Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • Yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Gode pensjonsordningar
  • Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

 Tilsetjingsprosess:

  • Me har ledige stillingar, både faste og vikariat.
  • Tilsetjing frå 1.august 2025 eller utover hausten 2025
  • Tilsetjing fortløpande.

Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partnar som gjer det same, finn du mange og spanande stillingar i Voss herad her. Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)

Kvalifikasjonskrav:

  • Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget.
  • Andre søkjarar med relevant erfaring vil også bli vurdert.

Arbeidsoppgåver barnehage:

  • Planlegga og gjennomføra leikar og aktivitetar
  • Delta ved daglege gjeremål som måltid, påkleding og stell
  • Vera ein god og varm vaksen og bidra til at barn får rike og varierte opplevingar, erfaringar og utfordringar i barnehagen

Me ynskjer at

  • Du er ein tydleg vaksenperson med gode evner til å gje omsorg
  • Du har fokus på det beste for barna, er samarbeidsvillig og kan jobba sjølvstendig
  • Du skapar gode og nære relasjonar med barn, foreldre og tilsette
  • Du er utviklingsorientert, engasjert, fleksibel, og løysingsorientert
  • Du er blid, omgjengeleg og ein god lagspelar

Menn blir oppmoda om å søkja

Godkjent politiattest må leggjast fram ved oppstart

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ver venleg og legg ved vitnemål og attestar i søknaden

 

Del på:

Fylke:

  • Vestfold

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

01.09.2025

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

Voss herad

Kontaktpersonar:

Frøydis Solbakk

tlf: 45292855

Adresse:

Voss tinghus 5700 Voss

Kart: