
Er du vernepleiar eller fagarbeidar? Sjå her!
Palmafossen skule søkjer deg
Informasjon om stillinga:
- 70% vikariat som vernepleiar i skule og sfo. Stillinga fyl ordinært arbeidsår med utvida sfo.
- 70% vikarat som fagarbeidar i skule og sfo. Stillinga fyl ordinært arbeidsår med utvida sfo.
- 32,7% vikariat som fagarbeidar i SFO. Stillinga fyl skuleruta.
Om arbeidsstaden
- Palmafossen skule er ein barneskule som ligg omlagr 3 kilometer aust for sentrum, og har omlag 170 elevar og 30 tilsette.
- Skulen ligg like ved turløypene i Bømoen og Viljar sitt idrettsanlegg, og me nyttar desse arenaene aktivt i skulekvardagen.
- Gjennom eit skuleår vert ulike tilskipingar som aktivitetsdagar og fagdagar arrangert i regi av elevråd, FAU og tilsette.
Me tilbyr:
- gode vilkår for fagleg utvikling
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Kvalifikasjonar:
- vernepleiarutdanning
- fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
- dersom ikkje kvalifiserte søkjarar, kan andre verta vurdert!
- erfaring frå arbeid med barn og ungdom
- søkjarar må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner som gjer det same, finn du mange spennande stillingar i Voss herad her: Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)
Me ynskjer deg som:
- er fagleg dyktig og som har evne til å skapa gode relasjonar til elevane
- er god på samarbeid
- er fleksibel og ynskjer å ta ansvar
- er ein positiv pådrivar i endringsarbeid for utvikling av tenestene
- er ein tydeleg og trygg vaksen
Arbeidsoppgåver:
- Vernepleiarstillinga er knytt til enkeltelev med særskilt behov, dei andre stillingane er knytt til oppfylging av elevar 1:1 og i klasse.
- oppfylging av borna i undervisning, aktivitet og leik både i skule og SFO
- vera med på å oppretthalda og utvikla eit trygt og godt skulemiljø, både i undervisningstid og i friminutta
- samarbeida med pedagogisk personale og andre fagarbeidarar/ miljørettleiarar om undervisningsopplegg som skulen og lærarar har utarbeidd for elevane
- hjelpa til med daglege gjeremål, oppmuntra, snakka med, rettleia, støtta og motivera elevane
- hjelpa elevar med funksjonshemming og lærevanskar slik at skulekvardagen i klasserom, symjing, kroppsøving, garderobe og friminutt blir best mogleg
- Vere ein omsorgsfull rollemodell
Gyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver venleg og last opp vitnemål og attestar til søknaden
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
04.07.2025
Tiltreding:
01.08.2025
Arbeidsstad:
Voss herad
Kontaktpersonar:
Kristine Jordalen
tlf: +47 99573580
Heimeside:
https://voss.herad.no/Adresse:
Tjukkabygdvegen 29 5705 Voss