Voss herad

Udlabu

Er du vår nye kollega på Udlabu?

Kommunalavdeling helse og omsorg ynskjer medarbeidarar som er oppteken av faget sitt og som har eit ynskje om å utvikla seg. Er du ein slik person så er du hjarteleg velkomen til å arbeida saman med oss i Voss herad sine helsetenester. Hos oss vil du få moglegheit til å påverka tenestene. Me nyttar forsking og erfaringskunnskap og har alltid tenestemottakar i sentrum  når me planlegg korleis morgondagens tenester skal  vera. For å møte framtidas utfordringar ynskjer me å satse betydeleg meir på førebygging og tidleg innsats. Verdiane våre er: profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande

Om avdelinga:

Udlabu ligg sentralt på Voss og har nye fine bustader. Udlabu har 20 leiligheter som har tilgang til fellesareal. 12 av bustadane er organisert som døgnbemanning for personar med funksjonsvariasjoner. Eininga har ca. 25 årsverk.

Me søkjer

  • 80 % fast stilling som vernepleiar eller anna relevant høgskuleutdanning 
  • 60 % fast stilling som vernepleiar eller anna relevant høgskuleutdanning
  • Turnusarbeid med 4.kvar helg med langvakter eller våken nattevakt

16 000,- i rekrutteringstillegg for vernepleiar

Kvalifikasjonar

  • bachelor i vernepleie. Anna relevant høgskuleutdanning kan verta vurdert. 
  • gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
  • har gode faglige kunnskapar og kjennskap til relevant lovverk
  • tverrfagleg komptanse
  • relasjonskompetanse
  • rettleiingskompetanse
  • førarkort klasse B

Personlige eigenskapar

  • har stort engasjement for målretta arbeid i relasjoner til menneske som som treng rettleiing
  • kan arbeide systematisk og målretta
  • har gode samarbeidsevner og er positiv til endringar
  • bidrar til eit opent og positivt arbeidsmiljø
  • personlege eigenskapar vil verta vektlagt

Arbeidsoppgåver

  • bistå bebuar i dagliglivets gjeremål og medverke til at den enkelte tar i bruk eigne ressursar til aktivitet og sjølvstende
  • bidra til faglig utvikling og godt arbeidsmiljø i eininga
  • dokumentering i pasientjournalprogrammet Aidn, det vil bli gitt opplæring
  • medikamenthåndtering
  • kollegarettleiing og tett samarbeid med samarbeidspartar og pårørande
  • andre oppgåver kan verta lagt til stillinga
  • som tilsett skal du være med å bidra til at personalgruppa yter heilheitleg og fagleg forsvarleg tenestetilbod til menneske med ulike funksjonsvariasjonar

 Me tilbyr:

  • gode vilkår for fagleg utvikling
  • eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • gode pensjonsordningar
  • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

 

Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga.

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

 

Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

03.07.2025

Tiltreding:

11.08.2025

Arbeidsstad:

Voss herad

Kontaktpersonar:

Adresse:

Hardangervegen 51 5705 Voss

Kart: