Voss herad

To faste stillingar som kontaktperson i Voss barnevern

Kontaktperson i Voss barnevern

Det er to ledige faste stillingar som kontaktperson ved Voss barnevernteneste.

Den eine stillinga er ei 100 % stilling, og den andre stillinga er ei 80 % stilling. 

Om arbeidsstaden

Me som arbeider i barneverntenesta har sett som mål at me skal arbeide saman med barn og unge ved å visa

  • openheit - ved å vera ærlege og gje informasjon.
  • kjærleik - ved å bry oss og vise menneskevarme.
  • me har også som mål å vere audmjuk, ved å tru på barn, vere lyttande og engasjerte.
  • me vil praktisere medbestemming, ved å ta barn og unge med på avgjersler og be dei om tilbakemelding.
  • me vil ivareta foreldre gjennom involvering, innverknad og samarbeid til det beste for familien.

Barneverntenesta er pr. i dag organisert i 2 team: 1. undersøking/tiltak og 2. omsorg 

Stillingane er aktuelle på begge team. 

Barneverntenesta er samlokalisert med andre helse- og sosiale tenester i bygget Knutepunktet. Barneverntenesta er organisert under barne- og familietenestene i etat for oppvekst. Tenesta er aktivt i gang med arbeid i forhold til ny barnevern- og oppvekstreform, og har eit tett og konstruktivt samarbeid med andre instansar og avdelingar i heradet.

Arbeidsoppgåver som kontaktperson

  • stillinga inneber sakshandsaming etter lov om barnevern
  • kontaktpersonar må møte som heradet sin partsrepresentant i  barneverns- og helsenemnda og det øvrige rettsapparatet.
  • tilsynsarbeid, nettverksarbeid inn mot familiar og ungdom, bidra i ulike nettverk og i tverretatlig samarbeid på tvers av andre etatar, skule- og barnehage.
  • kontaktpersonane må pårekna ein del reising ut av heradet for oppfølging av barn utanfor heimen
  • andre oppgåver må og påreknast
  • sidan barnevernet er under stadig utvikling må ein og vera budd på endring av oppgåver

Kvalifikasjonar

  • minimum 3 årig sosial- eller barnevernfagleg høgskuleutdanning som barnevernpedagog, vernepleiar eller sosionom
  • gjerne relevant vidareutdanning
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne. Søkjar må snakke og skrive flytande norsk
  • god barnevernfagleg forståing

Me ynskjer søkjarar med

  • du har lengre erfaring frå arbeid i kommunal barnevernteneste
  • du har høg arbeidskapasitet og vilje til å vere fleskibel
  • du har gode samarbeidsevner og evne til å vere sjølvstendig  
  • du er empatisk, engasjert og god på å bygge relasjonar 
  • du representere barneverntenesta på ein god måte
  • du jobbar målretta, har struktur og gjennomføringsevne
  • du tek ansvar for oppgåvene dine, eiga komptanseutvikling og deltek aktivt i å skapa eit godt og utviklingsfremjande arbeidsmiljø
  • du handterar utfordrande situasjonar med ro og kompetanse
  • du kan begeistra, dela kunnskap og motivera
  • du er villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som tenesta endrar seg

I tillegg vert personlege eigenskapar vektlagt.

Menn vert oppmoda til å søkja.

Me tilbyr

  • gode vilkår for fagleg utvikling
  • deltaking i å utvikla framtidas barnevern
  • eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • kjekke og kompetente kollegaer
  • rettleiing både intern, fagleg og prosess
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår 

Godkjend politiattest må framleggas før tiltreding i stillinga.
Hugs å gje opp referansar

Søknad

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.

Del på:

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

23.06.2025

Tiltreding:

01.09.2025

Arbeidsstad:

Voss herad

Kontaktpersonar:

Adresse:

Gurid Allmenningens plass 1 5704 Voss

Kart: