Voss herad

Fagarbeidar/Miljørettleiar Vangen skule

Fagarbeidar/Miljørettleiar Vangen skule

Voss herad søkjer miljørettleiar/fagarbeidar med eit stort hjarte for barn og unge. Me legg vekt på at elevane skal møta engasjerte, kompetente og trygge vaksne som kan gje elevane i Voss herad ein god ballast for vegen vidare, og me ser etter deg som ynskjer å arbeida aktivt med å skapa livsmeistring og medborgarskap i vossaskulen. Me har lærande nettverk på fleire nivå for å vidareutvikla vossaskulen og skapa felles praksis. Skulane arbeider ut frå prinsippa om ein lærande organisasjon.

Vangen skule ligg i sentrum og har omlag 235 elevar. Skulen ligg i naturskjønne omgjevnader med kort veg til idrettsbane, bibliotek, symjehall, gondolbane og andre fasilitetar. Skulen har innføringsklasse og ein avdeling for elevar med autismespekterforstyrringar. Satsingsområde er inkluderande skulemiljø med hovudfokus på sosial læring og utvikling. Vangen skule er ein 1.-7. skule. Det er kort gangavstand frå jernbanestasjon og buss-stasjon.

Vangen skule har ledig tre faste stillingar opp til 100% stilling som miljørettleiar/fagarbeidar frå 1.august 2025 eller etter avtale. 

Arbeidsoppgåver

Stillinga inneber gjennomføring av undervisning planlagd av spesialpedagog for elevar med særskilde behov, eller hjelp og støtte i ordinær klasse. Dei tilsette ved skulen legg til rette for læring, kvardagslivstrening og auka sjølvhjelpsferdigheiter hjå elevane, og gjev naudsynt stell og omsorg. På SFO planlegg miljørettleiarane og fagarbeidarane våre aktivitetar som fremjar leik og sosiale ferdigheiter. Bruk av dagsplanar og kommunikasjon ved hjelp av ulike kommunikasjonshjelpemiddel er sentralt både i undervisningstida og på SFO. Me samarbeider tett kring den einskilde eleven. Søkjaren må kunna arbeida med alle elevar og grupper med dei gleder og utfordringar det fører med seg. Søkjaren må rekna med arbeidstid mellom klokka 07.45 og 16.15. 

Kvalifikasjonar

  • fagarbeidar med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, eller miljørettleiar med utdanning innen sosialt arbeid, vernepleie, pedagogikk eller annen relevant høgskuleutdanning
  • anna relevant utdanning/arbeidserfaring kan bli vurdert
  • gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du har eit stort engasjement for elevar med særskilde behov. 
  • Du tek ansvar, er strukturert og kan handtere ein hektisk arbeidskvardag
  • Du kommuniserer godt og er i stand til å etablera gode relasjonar med elevar, føresette og kollegaer
  • Du bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø
  • Du er nysgjerrig på å læra og likar å vere i utvikling
  • Du ser verdien av å arbeida saman som eitt lag med eit kollektivt ansvar for elevane si læring

Me tilbyr

  • gode vilkår for fagleg utvikling
  • eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.


Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.

Del på:

Referansenummer:

18646

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

05.06.2025

Tiltreding:

01.08.2025

Arbeidsstad:

Voss herad

Kontaktpersonar:

Hallvard Stue

tlf: 95262095

mob: 95262095

Svenn Åge Sletner

tlf: 45471847

Adresse:

Hestavangen 24 5700 Voss

Kart: