Voss herad

Vil du hjelpa oss med å møta innbyggjarane våre?

Vikariat innbyggjarservice

Me treng hjelp av deg for å møta innbyggjarane våre i tida framover, og har ledig vikariat inntil 100 prosent stilling frå no og ut september, med snarast mogleg tilsetjing. Det kan vera dette vert forlenga.

Om arbeidsstaden:

Stabsavdeling innbyggjarservice er ein del av rådmannen sin stab. Målet vårt er å ha kjekke dagar der me opplever både meistring og utvikling. Stabsavdelinga har faste opningstider, og mange oppgåver som må løysast kvar dag for at organisasjonen skal fungera mest mogleg effektivt, og for at innbyggjarane skal få gode tenester.

Me har ansvar for ei rekkje ulike oppgåver:

  • servicetorg og sentralbord
  • postmottak og registrering
  • journalføring, arkiv og innsyn
  • parkeringsløyve og torgutleige
  • kommunikasjon, nettsider og elektroniske skjema
  • politisk sekretariat
  • gjennomføring av både stortingsval og kommune- og fylkestingsval
  • formidling av startlån og tilskot til bustad
  • personvern og informasjonssikkerheit
  • kommunal vigsel
  • TV-aksjonen

Arbeidsoppgåver:

  • Som vikar skal du ikkje jobba med alle desse oppgåvene.
  • Vikariat som no er ledig er tenkt til litt ulike oppgåver.
  • Dei som vert tilsett må likevel pårekna å ta del i mange av dei daglege oppgåvene til avdelinga.
  • Hovudsakleg vil oppgåvene knyta seg til servicetorg og sentralbord.
  • I tillegg vil det liggja oppgåver knytt til registrering av inngåande post/e-post. Det må også påreknast å bidra i andre oppgåver som ligg til avdelinga.

Kvalifikasjonar:

  • Me ynskjer at du har utdanning på bachelornivå innan relevante fag.
  • Lang og relevant erfaring kan kompensera for dette, og gjera at lågare utdanningsgrad vert vurdert.

Personlege eigenskapar:

Me leitar etter deg som er strukturert, nøyaktig og systematisk. Men du må også vera fleksibel og ikkje vera redd for å prøva nye ting. Me er Voss herad sitt ansikt ut mot innbyggjarane, så du må lika folk og vere serviceinnstilt. Du kjem langt med å vera blid og løysingsorientert. Det er godt arbeidsmiljø i stabsavdelinga, og dei som vert tilsett må vera budd på å bidra til å oppretthalda og utvikla det gode arbeidsmiljøet vårt.

Me tilbyr:

  • Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø der me oppmuntrar til samarbeid
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Ein meiningsfull arbeidskvardag der du får hjelpa innbyggjarane våre
  • Løn og arbeidsvilkår etter kommunalt avtaleverk

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ver venleg og legg ved vitnemål og attestar i søknaden

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

04.04.2025

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

Voss herad

Kontaktpersonar:

Adresse:

Voss Tinghus 5700 Voss

Kart: