
Fastlege
Fastlege, Vossevangen legesenter
Det er frå 1.9.2025 ledig fastlegestilling ved Vossevangen legesenter på Voss. Dette er ein fastlegeheimel i ein veletablert praksis med fem fastlegar og LIS1 lege. Voss herad har etablert gode støtteordningar for næringsdrift (sjå under). Listelengde: Minimum 800 pasienter/1000 pasientar avhengig av erfaring/spesialitet
Om arbeidsstaden
- Veletablert legesenter med 5 fastlegeheimlar + LIS1 og i periodar medisinstudent. Gode lokaler i 2.etg sentralt i Voss sentrum, moderne utstyrt, fleire av legane brukar ultralyd, gode kollegeale forhold og med aktiv bruk av sjukepleiarar/legesekretærar. Fysioterapi og spes. i augesjukdomar i same etg (felles pauserom).
- Kontoret nyttar InfoDoc i Sky journalsystem.
- Til saman har Voss herad per i dag 20 fastlegeheimlar og 2 LIS1-stillingar. Voss er vertskommune for eit interkommunalt samarbeid om legevakt i distriktet (Voss IKL). Legevakta er velfungerande og for tida lokalisert i same lokale som akuttmottaket på Voss Sjukehus. Dette gir eit godt fagmiljø med kompetente legar og sjukepleiarar. Vaktbelastning er per dags dato ca. 1-4 vakter i månaden
Arbeidsoppgåver:
- Kurativ fastlegepraksis
- Bidra til veiledning av LIS1 og medisinstudentar
- Mogeleg med kommunal bistilling (sjukehiem, helsestasjon) dersom ønskeleg, men for tida ikkje tilplikta
Kvalifikasjonar:
- Norsk autorisasjon som lege.
- Fullført LIS1
- Spesialist i allmennmedisin eller under spesialiering i allmennmedisin
- Gode norskkunnskaper
Særlig om kommunale støtteordniger:
- Ekstra basistilskudd (per 1.1.2025 1158 kroner per pasient per år)
- Fri etter nattevakt med allmennlegeforeningen sine satsar for praksiskompensasjon
- Kommunal gjenkjøpsgaranti (eigne vilkår gjeld)
- Kommunen har etablert eigen daglegevaktordning der næringsdrivande fastlegar for tida er fritekne.
- For tida inga tilpliktig av kommunale legeoppgaver, men dette kan i prinsippet endra seg.
Personlege eigenskapar vil verta vektlagt.
Godkjend politiattest må framleggast før tiltreding i heimelen.
Tiltreding i heimelen føreset semje med eksisterande heimelseigar om vilkår for overdraging samt tiltreding til aksjonæravtale i legesenteret.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Attestar og vitnemål vedleggjast søknaden
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
13.04.2025
Tiltreding:
01.09.2025
Arbeidsstad:
Voss herad
Kontaktpersonar:
Eystein Hauge
tlf: +47 95261271
Ingunn-Olin Haugen
mob: +47 94136967
Jonas Bucher
tlf: +47 98073207
Heimeside:
/vossevangenlegesenter.no/Adresse:
Sverresplassen 4 5700 Voss