
Søkjer omsorgsfulle og engasjerte ferievikarar i avdeling for menneske med nedsett funksjonsevne
Ferievikar
Kommunalavdeling helse og omsorg ynskjer medarbeidarar som er oppteken av faget sitt og som har eit ynskje om å utvikla seg. Er du ein slik person så er du hjarteleg velkomen til å arbeida saman med oss i Voss herad sine helsetenester. Hos oss vil du få moglegheit til å påverka tenestene. Me nyttar forsking og erfaringskunnskap og har alltid tenestemottakar i sentrum når me planlegg korleis morgondagens tenester skal vera. For å møte framtidas utfordringar ynskjer me å satse betydeleg meir på førebygging og tidleg innsats.
Om avdelinga
Tenestene for menneske med nedsett funksjonsevne har bemanning på dag/ettermiddag/kveld vekedagar og helg. Me har variert turnus tilpassa tenestemottakar og avdelingane. Ordinære vakter og langvakter. Det er vakande eller kvilande nattevakt. I våre avdelingar legg me vekt på fysisk aktivitet, sansestimulering og brukardeltaking, for å gi bebuarane ein variert og god kvardag i eigen heim.
Avlastning er ein institusjon for barn og unge med nedsett funksjonsevne. Me har hovudfokus på aktivitetar, sjølvstende og deltaking i dagleglivet og legg stor vekt på å skapa eit heimleg miljø med rom for individuelle behov.
Me treng ferievikarar i perioden 16. juni til 17. august. Me ynskjer at du arbeider lengst mogeleg av perioden og ber om at det vert oppgjeve kva for periode søknaden primært gjeld. Det er ønskjeleg med avtale på minimum 6 veker.
Avdelingar
- Lundhaugen Omsorgsbustad
- Udlabu Fellesbustad
- Villa Gjerdebu
- Nyhagen Aktivitetssenter
- Skulestadtunet/Skulestadvegen bufellesskap
- Bjørgabaret
(Dersom du ynskjer ein spesiell avdeling kan du oppgi dette)
Arbeidsoppgåver
- vera ei støtte og rollemodell, og me legg vekt på brukardeltaking.
- arbeid med fokus på aktivitet og hjelp til sjølvhjelp.
- huslege gjeremål, aktivitetar, trening, helseoppfyljing, stell og pleie.
- dialog og samarbeid med pårørande.
- dokumentere i fagprogrammet Aidn
Kvalifikasjonar:
- vernepleiarar /sjukepleiar og andre med 3 årig helse og sosialfagleg utdanning
- hjelpepleiarar / helsefagarbeidarar / omsorgsarbeidarar / assistentar
- studentar / elevar
- du bør ha evne til å arbeida målretta, vera løysingsorientert og trygg
- me ynskjer deg som er engasjert, ansvarsbevisst, god i kommunikasjon og er oppteken av gode løysingar saman med brukar og kollega
- alle våre vikarar må ta nettbasert kurs i legemiddelhandtering og får tilbod om sommarvikarkurs
- godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga
- du må kunne nytta dataverktøy, og du vil få opplæring i våre program.
Me tilbyr:
- gode vilkår for fagleg utvikling
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- gode pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Sesong
Heiltid/Deltid:
Ved behov
Arbeidstid:
Varierande arbeidstid
Søknadsfrist:
30.04.2025
Tiltreding:
01.06.2025
Arbeidsstad:
Voss Herad
Kontaktpersonar:
Hanne Tombre
tlf: +47 97997165
Line Førde
mob: 46813906
May Elisabeth Bolstad
mob: 97050363
Siri Finne
mob: 48014563
Heimeside:
http://voss.herad.noAdresse:
Voss Tinghus 0000 Voss