Voss herad

Er du barne -og ungdomsarbeidar?

Skulestad skule har ledig 100 % fast stilling

Barne- og ungdomsarbeidar / assistent ved Skulestad skule 

Ei fast 100% stilling som fagarbeidar/assistent i skule og SFO, oppstart snarast råd. Eit vikariat frå 01.01.25 til sommaren som assistent i skule og SFO
Stillingane følger i utgangspunktet normalarbeidsåret, men det er mogleg å diskutere om den skal følgje skuleruta med dei friperiodane den har. I så fall vil løna være 89 % etter SFS 2201 pkt. 3.5.  

 Om arbeidsstaden

Skulestad skule er ein barneskule som ligg omlag 4 kilometer nord for Voss sentrum, skulen har omlag 180 elevar og kring 35 tilsette. Skulen er plassert tett på naturen , med fjella Lønahorgi og Hanguren, Melsvatnet og alpinanlegget Bavallen i nærleiken. Skulen jobbar kontinuerleg for å ha ein skulekultur som fremjar læring, trivnad og likeverd.
Skulen har ei eiga avdeling, ASK, som er rette spesielt mot elevar som treng særskild tilrettelegging. ASK kan vise til gode resultat i arbeidet med desse borna.
Skulen har eit stort uteareal, med eigen sykkelbane, ballbinge, fotballbanar, basketbane, grindbygg og leikeareal. Skulen legg til rette for læring gjennom leik og aktivitet, og er ofte ute på ute i undervisninga. Frå hausten av vil alle klassane ha faste dagar med uteskule.

 

 Me søkjer fagarbeidar / assistent som har

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, andre erfaringar kan bli vurdert
  • Erfaring med å jobbe med barn og unge
  • Erfaring med å jobbe i skule / SFO

Trivsel og samarbeid er høgt verdsett hjå oss, og for å trivast må du:

  • Vere god på relasjonsbygging
  • Vere positiv, fleksibel og løysingsorientert
  • Samarbeide godt med andre og like å jobbe godt i team

Arbeidsoppgåver 

  • Hjelpe elevar som har behov for støtte i undervisninga
  • Gjennomføre aktivitetar som støttar elevar sin læring
  • Støtte elevane i lek og samvær med andre elevar
  • Vere ein omsorgsfull rollemodell.
  • Samarbeide med kontaktlærar og andre kollegaar
  • Jobbe med faglege og sosiale mål med enkeltelevar eller elevar i lita gruppe

Me tilbyr

  • Gode vilkår for fagleg utvikling
  • Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Løn etter tariff
  • Eit godt kollegium

Søknad

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, kjønn, eller kulturell bakgrunn. 

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ver vennleg og legg ved vitnemål og CV som vedlegg til søknaden.

 

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

16.12.2024

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

Voss herad

Kontaktpersonar:

Adresse:

Strandavegen 334 5710 Skulestadmo

Kart: