Voss herad

Ynskjer du å arbeida som fysioterapeut i Voss herad?

80 % fast stilling som fysioterapeut

Kommunalavdeling helse og omsorg ynskjer medarbeidarar som er oppteken av faget sitt og som har eit ynskje om å utvikla seg. Er du ein slik person så er du hjarteleg velkomen til å arbeida saman med oss i Voss herad sine helsetenester. Hos oss vil du få moglegheit til å påverka tenestene. Me nyttar forsking og erfaringskunnskap og har alltid tenestemottakar i sentrum når me planlegg korleis morgondagens tenester skal vera. For å møte framtidas utfordringar ynskjer me å satse betydeleg meir på førebygging og tidleg innsats.

Om stillinga

Voss herad har ledig fysioterapistilling 80% som fysioterapeut i ergo/fysioterapiavdelinga. 

Om avdelinga

Ergo/fysioterapiavdelinga ligg på Hagahaugen i lyse trivelege omgjevnader. Her har me kontor og treningssalar. Ergo/fysioterapiavdelinga har tilsett 13 fysioterapeutar og 5 ergoterapeutar inkl. leiar og turnusfysioterapeut.  

Arbeidsoppgåver

Jobbe som fysioterapeut i Voss herad med dei oppgåver som ligg til dette arbeidet i samråd med det tenestetilbodet avdelinga tilbyr og ut frå gjeldande prioriteringar.

 

Døme på arbeidsoppgåver 

  • jobbe ut ifrå kunnskapsbasert praksis og vera delaktig i og drifte eit aktivt og velfungerande fysioterapitilbod i heradet
  • oppfølging av pasient gjennom undersøking/testing, treningsrettleiing og behandling  
  • tilrettelegging og motivering for fysisk aktivitet individuelt og i gruppe
  • fylgje opp pasientar i brukars eigen heim
  • vera fysioterapeut for inneliggjande pasientar på korttidsavdelinga og jobbe tverrfagleg og tett med andre fagpersonar for å gje pasient eit best mogleg rehabiliteringsopphald
  • drifte kvardagsrehabilitering saman med ergoterapeut og vera bindeledd mellom ergo/fysioterapitenesta og heimetenesta i kvardagsrehabilitering
  • undervisning av helsepersonell til dømes på fagdagar og internundervisning 
  • samarbeide med relevante eksterne samarbeidspartnarar. Praksis skal utøvast i nært samarbeid med dei andre fysioterapeutane, og anna helsepersonell i heradet, ut frå gjeldande målgruppe, behandlingstilbod og ventelister

Merk at oppgåvene kan endra seg etter behov frå tenesta/heradet.

 Kvalifikasjonar

  • krav om godkjent fysioterapeut med autorisasjon jfr. helsepersonellova 
  • gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg 

Me ynskjer

  • deg med brei fagleg kompetanse innan allmenn fysioterapi
  • deg med erfaring frå kvardagsrehabilitering/heimerehabilitering i team
  • deg med erfaring som fysioterapeut frå kommunehelsetenesta, og/eller rehabiliteringsinstitusjonar  
  • at du har førarkort klasse B

 

Personlege eigenskapar

  • fleksibel og lojal ovanfor kollega, pasient og arbeidsgjevar 
  • evner å arbeide sjølvstendig og i team  
  • god evne til samarbeid og kommunikasjon 
  • pasientorientert, systematisk og påliteleg arbeidsstil
  • ansvarsbevisst og strukturert 
  • har interesse for å utvikle ein kunnskapsbasert fysioterapiteneste i tråd med gjeldande lovverk, reformar, planar og utfordringar i heradets helseteneste 

 

Personleg eigenskapar vil tilleggas avgjerande vekt
Godkjent politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga

 

Me tilbyr

  • gode vilkår for fagleg utvikling
  • eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • gode pensjonsordningar
  • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

 

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. 

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

15.12.2024

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Voss herad

Kontaktpersonar:

Stine Øvsthus

tlf: 91554708

mob: 91554708

Adresse:

Hagahaugvegen 30 5705 Voss

Kart: