Voss herad

Voss sjukeheim

Tilkallingsvikar ved korttidsavdelinga

Tilsetjinga skjer snarast og fortløpande i perioden 

Om arbeidsstaden

Område Vest er lokalisert på Voss sjukeheim. Tillitsmodellen ligg til grunn for vår arbeidsmodell. Sjukeheimen ligg ved Voss sentrum vis a vis Voss sjukehus. Det er gode buss- og tog forbindelsar, med kort veg til sjukeheimen.

Om avdelinga

  • Avdelinga er lokalisert i 2. etasje på Voss Sjukeheim. Til saman har me 25 pasientar.

 

Me søkjer fleire ringevikarar til arbeid på dag, kveld og helg

  • Me søker både erfarne og uerfarne assistentar til å yte omsorg, pleie og stell. Me ynskjer søkarar som er interessert i sommarjobb i 2025.
  • Du må vera lærevillig, ha god arbeidskapasitet, vera fleksibel og løysingsorientert.  
  • Me legg vekt på personlege eigenskapar som godt humør, stå på vilje, samarbeidsevner og gode norskkunnskapar. Helsefagleg bakgrunn er å føretrekke.

 

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåvene er varierte: stell, pleie, omsorg, aktivitetar, tilrettelegging av måltid, og praktisk arbeid.
  • All samhandling skal utførast med respekt og ha fokus på kva som er viktig for pasienten.
  • Miljøarbeid og personsentrert omsorg er viktig metodikk.

 

Me tilbyr

  • E-læringskurs og god opplæring i avdelinga
  • Ein spanande, meiningsfull og lærerik jobb
  • Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø 

 

 Søknaden må innehalde opplysningar om:

  • Litt om kor mykje du ynskjer/kan jobbe
  • Utdanning og evt. praksis

Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partnar som gjer det same, finn du mange og spanande stillingar i Voss herad her. Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Ekstrahjelp

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

07.01.2025

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Voss herad

Kontaktpersonar:

Adresse:

Sjukehusvegen 15 5704 Voss

Kart: