Er du interessert i ein kjekk og gjevande stilling i Voss Herad sitt Hukkommelsesteam?
Ledig fast 50% stilling i hukommelsesteamet
Om arbeidsstaden
Avdeling for førebygging og rehabilitering er lokalisert på Hagahaugen. Her finn du rehabiliteringsavdeling, dagavdeling, fysio og ergoterapi avdeling og Hukommelsesteamet. Hukommelsesteamet er eit lågterskeltilbod for personar med demens og deira pårørande. Du blir ein del av eit lite, men dyktig fagmiljø bestående av 2,5 årsverk fordelt mellom fagområda ergoterapeut og sjukepleie. Hukommelsesteamet samarbeider tett med fastlegane og spesialisthelsetenesta. Stillinga er i hovudsak på dagtid, men i periodar må ein påregne kveldsarbeid og helgearbeid. Lenke: Hukommelsesteam - Voss herad
Kvalifikasjonar
- 3 årig/høgskule utdanning innan helsefag
- Førarkort klasse B
Det er ynskjeleg at du har
- Vidareutdanning innan demens og alderpsykiatri
- Erfaring med tilsvarande arbeid
Arbeidsoppgåver i Hukommelsesteamet
- Teamet arbeider personsentrert og har fokus på kva som er viktig for personen med demens og deira pårørande.
- Teamet arbeider etter Helsedirektoratet sin nasjonalfaglege retningslinje for demens. Kartlegging og utgreiing foregår hovudsakleg i heimen til bruker.
- Teamet har systematisk oppfylgjng av personer med demens og deira pårørande etter diagnose, i samsvar med Nasjonale retningslinjer frå Helsedirektoratet.
- Arbeide i samsvar med Voss herad sin demensplan; "Demensvenleg Vossasamfunn".
- Kartlegge behov for velferdsteknologi
- Vera fagperson i dei ulike gruppetilbode til personar med demens og pårørande til personar med demens.
- Teamet arbeider tverrfaglig og tverretatlig, og samarbeid med fastleger, spesialisthelsetjeneste og andre aktuelle samarbeidsparter i helse- og omsorg
- Listen er ikke uttømmende
Personlige egenskaper
- Du må være kreativ og engasjert, med evne til å arbeide på nye og innovative måter.
- Engasjement og interesse for å arbeide med demensomsorg.
- Du er faglig trygg, modig og raus- og bygger andre gode
- Fokus på brukarmedverknad og kva som er viktig for tjenestemottaker
- Du må like å arbeide kunnskapsbasert, jobbe i team og sjølvstendig arbeid
- Gode kommunikasjonsferdigheiter og evne til samarbeid i eit tverrfagleg perspektiv
- Stor gjennomføringsevne er en forutsetning for å lykkes i stillingen.
- Gode IT kunnskapar
Me tilbyr
- Spennande arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg miljø med gode utviklingsmoglegheiter
- Eit inkluderande og positivt arbeidsmiljø
- Leiarar som er opptekne av myndiggjorte tilsette
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Lønn etter gjeldande avtaleverk
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partnar som gjer det same, finn du mange og spanande stillingar i Voss herad her. Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
12.12.2024
Tiltreding:
27.01.2025
Arbeidsstad:
Voss Herad
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://https://voss.herad.no/Adresse:
Hagahaugvegen 30 5705 Voss