Ynskjer du å arbeida som arbeidsleiar?
Vossabadet søkjer arbeidsleiar
Denne stillinga er heilt sentral i arbeidet med å sikre ei suksessfull gjenopning av Voss Utebasseng!
Om stillinga
Vossabadet søkjer ein engasjert og ansvarsfull arbeidsleiar til ei nyoppretta stilling. Denne stillinga er heilt sentral i arbeidet med å sikre ei suksessfull gjenopning av Voss Utebasseng. Du vil ikkje berre vere med på å forme kvardagen i Vossabadet, men også spele ei nøkkelrolle i å utvikle og drifte det oppgraderte utebassenget vårt. Dette er ei unik moglegheit til å bidra til eit lokalt samlingspunkt og skape eit tilbod som gleder både fastbuande og tilreisande – året rundt. Du vil vere eit viktig bindeledd mellom leiinga og teamet, og ha ansvar for den daglege drifta av serviceområdet vårt – inkludert kafé, kiosk og butikk. Dette er ei variert og spennande rolle der du får både ansvar og moglegheit til å påverke korleis me utviklar oss vidare.
Arbeidsdagane vil inkludere eit hovudansvar for kafédrift, med spesielt fokus på nyopning av ny kafè i Voss Utebasseng. I tillegg vil det dagane inkludere ein del planlegging og koordinering av aktivitet og bookinger til Vossabadet og Voss Idrettshall.
Stillinga vert utforma i dialog med deg og resten av organisasjonen for å passe både ansvarsområda og din kompetanse.
Me tilbyr
- Ei sentral stilling med ansvar og stor grad av autonomi.
- Moglegheit til å forme rolla i samråd med teamet og leiinga.
- Fleksibel arbeidstid
- Løn etter kommunalt avtaleverk og gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Arbeidsoppgåver:
- Drift og vedlikehald: Dagleg oppfølging av Vossabadet, idrettshallen og utebassenget.
- Service og kafé: Planlegge og koordinere drift, innkjøp og aktivitetar i kiosk og kafé.
- Leiing og samarbeid: Koordinere vaktplanar, bistå i internopplæring og vere bindeledd mellom leiinga og teamet.
- IK-mat ansvar: Sikre gode rutinar for mattryggleik i samarbeid med leiinga.
- Event og aktivitetar: Planlegge arrangement og bidra til utvikling av aktivitetstilboda våre.
- Operativ drift: Tre inn som ansvarsvakt ved behov og støtte dagleg drift.
- Stedfortredar: Fungere som stedfortredar for teknisk leiar og dagleg leiar ved behov.
Kvalifikasjonar:
- Erfaring frå servicearbeid, kafé/kioskdrift eller liknande.
- Kjennskap til IK-mat og rutinar for mattryggleik.
- Erfaring frå aktivitetsplanlegging og event.
- Erfaring med kjemikaliar og reinhaldsrutinar (fordel).
- Erfaring frå arbeid som badevakt eller tilsvarande.
Krav:
- Bestå halvårlige livredningstestar og vedlikehalde livredningskompetanse.
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Evne til å leie og motivere eit team.
Me trur du lukkast best med desse personlege eigenskapane:
- Likar å ta ansvar og har evne til å skape struktur.
- Har eit ope og inkluderande syn på arbeidsmiljø og trivsel.
- Er løysingsorientert.
Om arbeidsstaden:
Stillinga ligg til Vossabadet og Voss Idrettshall KF. Du vert ein del av ei aktiv, flerspårklig og kjekk gruppe med ansvar for å drifta Vossabadet, Voss Idrettshall og Utebassenget på Voss. Arbeidet er prega av ein flat struktur og at alle tilsette er involvert og medverkande til korleis me best kan løysa oppgåvene me gjer.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
13.12.2024
Tiltreding:
01.01.2025
Arbeidsstad:
Vossabadet
Kontaktpersonar:
Crister Næss
tlf: +47 41 66 75 96
Heimeside:
http://https://voss.herad.no/Adresse:
Voss Tinghus 0000 Voss