Voss herad

34% fast stilling på Udlabu

Er du vår nye nattevakt?

34 % fast stilling våken nattevakt med arbeid kvar 4. helg.

Om avdelinga

Udlabu ligg sentralt på Voss og har fine tilrettelagte omsorgsbustader. Udlabu har 20 einingar som har tilgang til fellesareal. 12 av bustadane er knytt opp til døgnbemanning og er organisert som bufellesskap for personar med nedsett funksjonsevne. Eininga har ca. 25 årsverk.

Arbeidsoppgåver

  • bistå bebuar i dagliglivets gjeremål og medverke til at den enkelte tar i bruk eigne ressursar til aktivitet og sjølvstende
  • bidra til fagleg utvikling og godt arbeidsmiljø i eininga
  • dokumentering i pasientjournalprogrammet Gerica, det vil bli gitt opplæring
  • medikamenthåndtering
  • kollegarettleiing og tett samarbeid med samarbeidspartar og pårørande
  • andre oppgåver kan verta lagt til stillinga
  • som tilsett skal du være med å bidra til at personalgruppa yter heilheitleg og fagleg forsvarleg tenestetilbod til menneske som har ein åtferd som utfordrar

Kvalifikasjonar: 

  • relevant høgskuleutdanning eller fagutdanning
  • gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftlig
  • har gode faglige kunnskapar og kjennskap til relevant lovverk
  • tverrfagleg komptanse
  • relasjonskompetanse
  • rettleiingskompetanse
  • fordel med erfaring i målretta arbeid ved åtferdsutfordringar
Personlige eigenskapar
  • har stort engasjement for målretta arbeid i relasjoner til menneske som som treng rettleiing
  • kan arbeide systematisk og målretta
  • har gode samarbeidsevner og er positiv til endringar
  • bidrar til eit opent og positivt arbeidsmiljø
  • personelg eigenskapar vil verta vektlagt

Me tilbyr

  • gode vilkår for fagleg utvikling
  • eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • gode pensjonsordningar
  • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Oppmodar menn til å søkja

Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga

Kommunalavdeling helse og omsorg ynskjer medarbeidarar som er oppteken av faget sitt og som har eit ynskje om å utvikla seg. Er du ein slik person så er du hjarteleg velkomen til å arbeida saman med oss i Voss herad sine helsetenester. Hjå oss vil du få moglegheit til å påverka tenestene. Me nyttar forsking og erfaringskunnskap og har alltid tenestemottakar i sentrum når me planlegg korleis morgondagens tenester skal vera. For å møte framtidas utfordringar ynskjer me å satse betydeleg meir på førebygging og tidleg innsats.

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

 

Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Natt

Søknadsfrist:

08.12.2024

Tiltreding:

06.01.2025

Arbeidsstad:

Voss herad

Kontaktpersonar:

Adresse:

Hardangervegen 51 5705 Voss

Kart: