90% fast stilling på Udlabu
Er du vår nye helsefagarbeidar?
90 % fast stilling som helsefagarbeidar med arbeid kvar 4. helg med langvakter
Om avdelinga
Udlabu ligg sentralt på Voss og har fine tilrettelagte omsorgsbustader. Udlabu har 20 einingar som har tilgang til fellesareal. 12 av bustadane er knytt opp til døgnbemanning og er organisert som bufellesskap for personar med nedsett funksjonsevne. Eininga har ca. 25 årsverk.
Arbeidsoppgåver
- bistå bebuar i dagliglivets gjeremål og medverke til at den enkelte tar i bruk eigne ressursar til aktivitet og sjøvstende
- bidra til fagleg utvikling og godt arbeidsmiljø i eininga
- dokumentering i pasientjournalprogrammet Gerica. Opplæring verte gitt.
- medikamenthåndtering
- kollegarettleiing og tett samarbeid med samarbeidspartar og pårørande
- andre oppgåver kan verta lagt til stillinga
- deler av stillingane inneber arbeid i heimetenesta sone aust på dagtid i vekedagar
- som tilsett skal du vere med å bidra til at personalgruppa yt heilskapleg og fagleg forsvarleg tenestetilbod til menneske som har ei åtferd som utfordrar
Kvalifikasjonar
- fagbrev som helsefagarbeidar. Anna relevant fagutdanning kan verte vurdert
- gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
- har gode faglege kunnskapar og kjennskap til relevant lovverk
- tverrfagleg komptanse
- relasjonskompetanse
- rettleiingskompetanse
- førarkort klasse B
- fordel med erfaring i målretta arbeid ved åtferdsutfordringar
Personlige eigenskapar
- har stort engasjement for målretta arbeid i relasjoner til menneske som som treng rettleiing
- kan arbeide systematisk og målretta
- har gode samarbeidsevner og er positiv til endringar
- bidreg til eit opent og positivt arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar vil verta vektlagt
Me tilbyr:
- gode vilkår for fagleg utvikling
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- gode pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Oppmodar menn til å søkja
Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga
Kommunalavdeling helse og omsorg ynskjer medarbeidarar som er oppteken av faget sitt og som har eit ynskje om å utvikla seg. Er du ein slik person så er du hjarteleg velkomen til å arbeida saman med oss i Voss herad sine helsetenester. Hjå oss vil du få moglegheit til å påverka tenestene. Me nyttar forsking og erfaringskunnskap og har alltid tenestemottakar i sentrum når me planlegg korleis morgondagens tenester skal vera. For å møte framtidas utfordringar ynskjer me å satse betydeleg meir på førebygging og tidleg innsats.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
08.12.2024
Tiltreding:
01.02.2025
Arbeidsstad:
Voss Herad
Kontaktpersonar:
Ragnhild Dyvik
mob: +47 95262071
Heimeside:
http://https://voss.herad.no/Adresse:
Hardangervegen 51 5705 Voss