Voss herad

Fast 100% stilling som Fagarbeidar/Miljørettleiar på Vangen skule

Fagarbeidar/Miljørettleiar Vangen skule

Vangen skule har ledig ei fast stilling og eit vikariat opp til 100% stilling som miljørettleiar/fagarbeidar/assistent frå 1. januar 2025 eller etter avtale. Vikariatet er til 1. september 2025 med moglegheit for forlenging.

Tilsetting er snarast, og kan verte gjort i utlysningsperioden. 

Om arbeidsstaden

Vangen skule er ein 1.-7. skule som ligg i sentrum av Voss og har omlag 235 elevar og 100 born på SFO. Skulen ligg i naturskjønne omgjevnader med kort veg til idrettsbane, bibliotek, symjehall, gondolbane og andre fasilitetar. Det er kort gangavstand frå jernbanestasjon og buss-stasjon. Satsingsområde er inkluderande skulemiljø med hovudfokus på sosial læring og utvikling. 

Arbeidsoppgåver

  • arbeidsoppgåvene vil i størst grad vera knytt opp til skule og SFO, med oppfylging av born i undervisning, aktivitet og leik
  • samarbeide i team om oppfylging av born/elevar som har utfordringar innan autismespekteret

Kvalifikasjonar

  • fagarbeidar med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, eller miljørettleiar med utdanning innen sosialt arbeid, vernepleie, pedagogikk eller annen relevant høgskuleutdanning
  • anna relevant utdanning/arbeidserfaring kan bli vurdert
  • gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg

Me ynskjer:

  • at du har utdanning/arbeidserfaring innan autisimespekteret.
  • deg som tek ansvar, er strukturert og kan handtere ein hektisk arbeidskvardag
  • deg som er engasjert og positiv
  • deg som er ein tydleg vaksen overfor borna, samt ein god rollemodell som bygger gode relasjonar, lyttar og ser deira behov
  • deg som bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Me tilbyr

  • gode vilkår for fagleg utvikling
  • eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.


Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

05.12.2024

Tiltreding:

01.01.2025

Arbeidsstad:

Voss herad

Kontaktpersonar:

Hallvard Stue

tlf: 95262095

mob: 95262095

Svenn Åge Sletner

tlf: 45471847

Adresse:

Hestavangen 24 5700 Voss

Kart: