Voss herad

Assistenter Voss Sjukeheim

Assistenter Voss Sjukeheim

Tilsetjinga skjer snarast og fortløpande i perioden

Om arbeidsstaden

Område Vest er lokalisert på Voss sjukeheim. Tillitsmodellen ligg til grunn for vår arbeidsmodell. Sjukeheimen ligg ved Voss sentrum vis a vis Voss sjukehus. Det er gode buss og tog forbindelsar, med kort veg til sjukeheimen.

 Voss Sjukeheim Langtidsavdelinga                                                                                                             

  • Avdelingen er lokalisert i 3. og 4. etasje på Voss Sjukeheim. Til saman har me 35 pasienter fordelt på to etasjer.

Me søkjer flere ringevikarar til arbeid på dag, kveld og helg. Med mogleheit for fast helgestilling.

  • Me søker både erfarne og uerfarne assistenter til å yte omsorg, pleie og stell. Det er ein fordel om du er over 18 år og har erfaring med lignande arbeid. Om du ikkje har erfaring, er ikkje dette ei hindring, opplæring vil bli gitt. Me ynskjer søkarar som er interessert i sommarjobb i 2025.
  • Om du er under 18 år bør du ha erfaring fra helsearbeid eller praksis frå skule for å søkja.
  • Du må vera lærevillig, ha god arbeidskapasitet, vera fleksibel og løysingsorientert.  
  • Me legg vekt på personlege eigenskapar som godt humør, stå på vilje, samarbeidsevner og gode norskkunnskapar.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåvene er varierte: stell, pleie, omsorg, aktivitetar, tilrettelegging av måltid, og praktisk arbeid.
  • All samhandling skal utførast med respekt og ha fokus på kva som er viktig for bebuar.
  • Miljøarbeid og personsentrert omsorg er viktig metodikk. Turnusarbeid med helgearbeid.

Me tilbyr

  • E-læringskurs og god opplæring i tildelt avdeling
  • Ein spanande, meiningsfull og lærerik jobb
  • Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø 

 Søknaden må innehalde opplysningar om:

  • Litt om kor mykje du ynskjer/kan jobbe
  • Utdanning og evt. praksis
  • Telefonnummer/mail adresse du kan treffast på

Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Attestar og vitnemål vert å ta med ved evt intervju. Hugs å gje opp referansar. Merk søknaden med kva teneste du ynskjer å jobba i. Politiattest må også framleggast før oppstart.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Ekstrahjelp

Heiltid/Deltid:

Ved behov

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

29.12.2024

Tiltreding:

Fortløpande

Arbeidsstad:

Voss herad

Kontaktpersonar:

Ranveig Dugstad

tlf: 41704924

Adresse:

Sjukehusvegen 15 5704 Voss

Kart: