80% fast stilling som sjukepleiar ved rehabiliteringsavdelinga, Hagahaugen
Sjukepleiar
Om arbeidsstaden
Hagahaugen rehabilitering er ein døgnbemanna avdeling der ein jobbar tett i tverrfagleg team.
På Hagahaugen finn du fysio/ergo avdeling, dagavdeling, friskliv og meistring samt døgnbemanna rehabiliteringsavdeling.
Stillinga gjeld for rehabiliteringsavdelinga og er to-delt då me har nattevaktsordning.
Det tverrfaglege rehabiliteringsteamet fokuserer på : "Kva er viktig for deg?" Me vektlegg at pasient når måla sine.
Som sjukepleiar i Voss herad vil du få moglegheit til å verta ein del av eit dyktig fagmiljø, med dedikerte og kunnskapsrike tilsette.
Me har eit godt arbeidsmiljø og høg trivsel. Me arbeider etter årsturnusprinsippet som sikrar føreseieleg arbeidstid for dei tilsette, og kontinuitet for våre brukarar. Som tilsett kan du påverka arbeidsrotasjonen din.
Me søkjer etter
Kvalifikasjoner
- norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- meistra skriftleg og munnleg norsk
- gjerne med vidareutdanninga innan rehabilitering, omsorgsteknologi, forskingsbasert kunnskap, eller anna relevant vidareutdanning
Personlege eigenskapar
- gode samarbeidsevne, samtidig evne til å arbeide sjølvstendig
- du er påliteleg, engasjert og ønsker å bidra til gode opplevingar for våre brukarar
- du er ansvarsbevisst
- du er punktleg
- løysingsorientert og evner å tenkje framtidsrettet omkring tjenesten
- du er positiv og kan takle høgt arbeidspress over tid.
- du må vera strukturert og kunna handtera og ha oversikt over ulike oppgåver samstundes
Arbeidsoppgåver
- legemiddelhåndtering
- dokumentasjon, journalføring, tiltaksplanar og rapportsystem
- sakshandsaming i tråd med gjeldende regelverk
- erfaring med å sjå nytte av arbeidet i tverrfagleg team
- god dialog med dei andre institusjonane i heradet
- utføra teneste etter etiske retningslinjer, aktuelt lovverk og heradets regleverk
- arbeid med fokus på brukarmedverknad og kva som er viktig for kvar enkelt i kvardagen
- arbeid med velferdsteknologi
- medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø
Me tilbyr
- God forsikrings- og pensjonsavtale
- Lønn og arbeidsvilkår etter tariff og lokal lønnspolitikk
- Gode faglige utviklingsmogelegheiter
Gyldig politiattest må leggast fram ved tilsetjing, samt arbeids- og opphaldstillatelse.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar til søknaden.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
29.11.2024
Tiltreding:
06.01.2025
Arbeidsstad:
Voss Herad
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://https://voss.herad.no/Adresse:
Hagahaugvegen 30 5705 Voss