Voss herad

Grunnskulelærar Vangen skule

Grunnskulelærar Vangen skule

 

Om skulen

Vangen skule er ein 1.-7. skule som ligg i sentrum av Voss og har omlag 235 elevar. Skulen ligg i naturskjønne omgjevnader med kort veg til idrettsbane, bibliotek, symjehall, gondolbane og andre fasilitetar. Det er kort gangavstand frå jernbanestasjon og buss-stasjon. Satsingsområde er inkluderande skulemiljø med hovudfokus på sosial læring og utvikling. 

Me har ledige stillingar som grunnskulelærar med tiltreding snarast.

Stillingane er både faste og i vikariat.

Primært ynskjer me å tilsetje i 100 % stilling, men ein kan søkje på delar av stillinga.

Arbeidsoppgåver

  • undervisning på 1. - 7. trinn.
  • planleggje, gjennomføre og vurdere læringsarbeidet
  • sikre at alle elevane opplever meistring og god utvikling fagleg og sosialt
  • kontaktlærarfunksjon kan bli lagt til stillinga

Me søkjer deg som har

  • har undervisningskompetanse for grunnskulen

Me ysnkjer at du

  • har undervisningskompetanse i minst eit av basisfaga norsk, matematikk eller engelsk
  • har spesialpedagogisk kompetanse, anna relevant pedagogisk utdanning kan verte vurdert

Me ynskjer ein kollega

  • med eit stort engasjement for elevane si faglege og sosiale utvikling.
  • med gode dugleikar i klasseleiing og bidreg aktivt i det profesjonsfaglege fellesskapet
  • med god relasjonskompetanse og tek humør og glede med deg i kvardagen

Voss herad tilbyr:

  • rekrutteringstillegg på kr 20 000 for dei med grunnskuleutdanning (GLU) ved fyrstegongs tilsetjing i Voss herad.
  • gratis årskort på ski ved Voss Resort, Myrkdalen eller Voss ski- og tursenter eller eventuelt årskort i Vossabadet ved fyrstegongs tilsetjing i Voss herad
  • kontaktlærartillegg kr 38 000 per år
  • god ordning for etter- og vidareutdanning
  • ein kultur der me deler kunnskap og erfaring med kvarandre
  • eit utviklingsorientert arbeidsmiljø, både personleg og fagleg
  • rettleiing for nytilsette/nyutdanna
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår 

Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.

Søknad

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.

Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partnar som gjer det same, finn du mange og spanande stillingar i Voss herad her. Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)

Del på:

Referansenummer:

18646

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

25.11.2024

Tiltreding:

01.01.2025

Arbeidsstad:

Voss herad

Kontaktpersonar:

Hallvard Stue

tlf: 95262095

mob: 95262095

Svenn Åge Sletner

tlf: 45471847

Adresse:

Hestavangen 24 5700 Voss

Kart: