Voss herad HR og Innovasjon

Me treng ein dyktig medarbeidar som kan gje brukarstøtte og rettleiing til leiarane våre i arbeidstidsplanlegging og ressursstyring ved bruk av GAT.

Systemansvarleg GAT/ HR konsulent

Me treng ein dyktig medarbeidar som kan gje brukarstøtte og rettleiing til leiarane våre i arbeidstidsplanlegging og ressursstyring ved bruk av GAT.

Stillinga ligg til HR-avdelinga ved stabsavdelinga HR og innovasjon. Du vert ein del av ei aktiv og kompetent faggruppe med ansvar for utvikling, rådgjeving og opplæring innan HR og HMS- feltet. Arbeidet på HR-avdelinga er prega av utstrekt samarbeid på tvers i organisasjonen med moglegheit for påverknad og fagleg utvikling.

Me har ledig 100% fast stilling som systemansvarleg for GAT/ HR konsulent.

 

Me tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø der me støttar og oppmuntrar kvarandre
  • Ein inkluderande arbeidsplass der me legg til rette for fagleg og personleg utvikling
  • Høve til å påverka eigen arbeidskvardag
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Løn etter kommunalt avtaleverk
  • Fleksitid
  • Mektig natur, ski- og fritidsterreng med aktivitetar frå fjord til fjell
  • Ei levande kulturbygd med gode oppvekst- og utdanningsvilkår

 

Arbeidsoppgåver

  • Systemansvar GAT
  • Brukarstøtte og rettleiing til leiarar i arbeidstidsplanlegging og ressursstyring ved bruk av GAT
  • Bidra til vidareutvikling og forbetring av system og prosessar
  • Utarbeida og følgja opp personalpolitiske dokument
  • Råd og rettleiing av leiar om lov og avtaleverk
  • Kompetanseutvikling
  • Løn, refusjon, sjukepengar
  • Sakshandsaming innan personalområdet
  • Samarbeid med arbeidstakarorganisasjonar

 

Me ynskjer at du har

  • Relevant utdanning
  • Erfaring og kompetanse i ressursstyring og arbeidstidsplanlegging
  • Erfaring i bruk av GAT som verktøy
  • Kjennskap til lov og avtaleverk i kommunal sektor
  • God forståing for utarbeiding av turnus
  • God systemforståing og IT-kompetanse
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg

 

Personlege eigenskapar:

  • Kan arbeida sjølvstendig, strukturert og med høg gjennomføringsevne
  • Løysingsorientert med evne til raskt å setja seg inn i nye system og prosessar
  • God lagspelar og tillitsskapande relasjonsbyggar
  • Du må trivast med å jobba saman med andre og ha gode kommunikasjonsevner
  • God formidlingsevne

 

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

 

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

 

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heltid/Deltid:

Heltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

13.10.2024

Tiltredelse:

Etter avtale

Arbeidssted:

Voss herad

Kontaktpersoner:

Mette Matthiessen

tlf: +47 97050365

Trine Langøen

tlf: +47 90611780

Adresse:

Voss Tinghus 5700 Voss

Kart: