Voss herad

Bli en del av kulturavdelinga i Voss herad

Konsulent ungdomsavdelinga 50% vikariat

Avdeling Kultur og fritid, ungdomsarbeid, søkjer etter konsulent i administrasjonen. Ungdomsavdelinga er organisert under kommunalavdeling Kultur og fritid. Kontorplass er på Voss tinghus.

Engasjementet er 50% stilling i 6 mnd.

 Arbeidsoppgåver ved avdelinga

  • Utvikling og oppfylgjing av tilbod og tiltak i ungdomsavdelinga
  • SLT-arbeid
  • Skjenkesaker
  • Igangsetjing og oppfylgjing av ulike prosjekt

 Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning frå universitet eller høgskule 
  • Relevant arbeiderfaring kan kompensera for manglande formell utdanning
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne, kommunen.

 Me ynskjer at du har:

  • Gode samarbeidsevner
  • Evne til å arbeida sjølvstendig
  • Strukturert og fleksibel

 Me tilbyr

  • Spanande og viktig arbeid for ungdomane på Voss
  • Varierte oppgåver i eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • Gode vilkår for fagleg utvikling
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.

 

Søknad

Voss herad ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald. Før oppstart av arbeidsforholdet er det krav om politiattest.

 

Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Hugs å gje opp referansar. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller sendast Voss kommune, boks 145, 5701 Voss, merka med stillingsreferanse. Søknadspapira vert ikkje returnerte. Ifølgje Offentleglova §25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

06.10.24

Tiltreding:

snarast

Arbeidsstad:

Voss herad

Kontaktpersonar:

Adresse:

Voss Tinghus 0000 Voss

Kart: